JORDBRUK

Utfyllende opplysninger om gardsdrifta.
Utfyllende opplysninger om bygda og garden.

Dyrehaldet
Ved inngangen til 1800-talet hadde ein gjennomsnitts bonde ein hest, ti kyr og noen sauer. Frå middelalderen kjenner me at kvar funksjon på garden hadde sitt hus, fjos, sauehus, grisehus, stall, kornløe og høyløe. Utover 1800-talet vart funksjonane samla i større driftsbygningar, eller løer.

Sauehaldet var viktig. Det tok seg særleg opp utover 1800-talet. I 1835 var det rundt 2000 sauer i bygda. I 1975 var talet 7000 dyr.

I 1888 starta leige av sauebeite i Ryfylke. Sauen vart transportert med båt. Som ballast hadde ein med tømmer heim.

I 1889 vart det stifta saueavlslag på Hodne.

Alt på 1600-talet høyrer ein om rennesøybuar på veg til byen for å selja høns. Det var kvinnene som tente pengane frå salet. Det var jærhøns som var den vanlege rasen. Hønsa sprang fritt, og varp der det fall seg. Hønsehaldet vart meir systematisk frå 1890-talet. Då hadde ein gått over til kvite italienarar.

Mjølkeproduksjonen
På 1700-talet vart kyrne helst halde for gjødsla si skuld. Ei ku gav 500 liter mjølk i året. Ei moderne ku gir 5000 liter i året.

Frå 1850-talet auka mjølkemengda etter at ein tok til å fora betre. Midt på 1860-talet var produksjonen 1000 liter årleg for kvar ku. Eksporten til Stavanger starta så smått, og mjølka vart seld på gatene i opne kar.

I 1888 starta det første forsøket på organisert omsetnad av mjølka. 60 bønder gjekk saman for å fremja surmjølksal i Bergen.

Meieriet i Vikevåg kom i 1902. Det vart produsert smør, og frå 1917 også ost. Bøndene på Mosterøy skipa mjølka med båt frå Vodlakaien.

Mjølkeproduksjonen tok seg kraftig opp. Ved inngangen til 1900-talet låg gjennomsnittet pr. ku på 1700 liter i året. Før 1940 var produksjonen 2600 liter.

Kornet
Rennesøybonden produserte i gjennomsnitt dobbelt så mykje korn som han sjølv trong heime. Overskotet vart selt til byen eller til folk frå fjordane som bytta til seg korn mot ved og materialar.

Kornet var frå gamalt trøska med tust. Frå 1860 kom dei første vinddrivne trøskeverka i bruk. Dei vart etterkvart skifta ut med hestevandring. Mot slutten av hundreåret tok ein i bruk bekkevatn som drivkraft. Først på 1900-talet var det folk frå Randaberg som reiste rundt på Rennesøy med motordrivne trøskeverk og tok på seg oppdrag. Etterkvart slo rennesøybuen seg saman og kjøpte motordrivne trøskeverk sjølv.

Kvar gard hadde si bekkekvern kor dei malte kornet. Mot slutten av 1800-talet vart det vanleg å reisa til Tau mølle for å mala kornet.

Det vart brukt hest og meieslede til å køyre hevd og korn med. Hjulkjerrene kom 1850-talet.

Poteta
Poteta vart kjent rett før 1800 – talet, men slo først igjennom under napoleonskrigen (1807 – 1814). Det var smått med korn, og poteten vart ein god erstatning. Poteten gav gode avlingar og kom til å spela ei stor rolle i det daglege kosthaldet på gardane og i byane. Poteter vart hovudproduksjonen på mange gardar i Rennesøy.

Poteta vart i starten eksportert til Stavanger, Haugesund og Austlandet. Frå 1880 til 1960 var Bergen den viktigaste mottakaren av poteter frå Rennesøy.

Seglingstida til Bergen var kring 16 – 17 timar med motorskøyte. Potetene vart lasta laust i lasterommet. Dei vart målt i skjepper. Ei skjeppe poteter var 15 kilo. Det gjekk 8 skjepper i ei tønne. 130 tønner var vanleg last på ei middels skøyte. Opptil 12 – 14 skøyter frå Ryfylke kunne gå i potetfart til Bergen kvart år.

”Skjeppelivet” varte frå tidleg haust til sein vår.

Slåtten
Slått og høyberging gjekk føre seg heile sommaren. Ein slo med langorv og stuttorv, frå grytidleg om morgonen, før dogga var godt ut av graset. Graset vart raka utover for å turka, og seinare på dagen snudd og raka i såter. Høyet skulle ha stått i såter minst to gonger før det vart tatt i hus.

Den første slåmaskinen vart kjøpt til Rennesøy i av D. Danielsen Bru i 1876. Sjølv om det etterkvart vart vanleg å slå med slåmaskin, hadde ein likevel bruk for den gamle ljåen til å slå kantar og ”skrapemark”.

Torv og brensel
Torv vart brukt til brensel til lenge etter 2. verdskrigen. Torvskuren var ei vinne som måtte gjerast kvart år etter såtid. Det var tungt og hardt arbeid.

Torva vart spadd oppi ei kjerre som vart køyrt fram til torvmaskinen. Det var som ei stor tønne med ei skrue festa til ei stake. Maskinen vart driven av hesten. Torva vart spadd over i torvmaskinen. Der vart ho kverna og pressa ut i ei form som passa til spaden som kappa ho i passe firkantar, 8 – 10 cm tjukke.

Kvinnene la torva tett i tett til tør utover marka. Seinare vart dei krakka, dvs at torvstykka vart sett opp mot einannan to og to, eller fire og fire. Vidare vart dei sett opp i røyk. Slik sto dei til tørk heile sommaren til dei vart køyrte inn i torvskuten om hausten.

Skjeppa
Ei skjeppe var 17,5 liter eller 1/8 av ei tønne.

Bismarvekt
Dette var ei vekt som var i vanleg bruk før. Eit bismarpund var 5,16 kilo

Bli Medlem