Skule og barnehage

Frå utstillinga Kvitebjørnen hjå Ryfylkemuseet, Sand i Suldal.

Forteljarstund i Kvitebjørnen

Utstillinga Kvitebjørnen er laga for barn og er basert på barneboka med same namn, av den lokale forfattaren Rasmus Løland (1861-1907).

Eit skulebesøk i Kvitebjørnen byrjar med ei forteljarstund. Då får elevane høyre kva som skjedde då Pål, Gunnar, Kolbein og Andres laga ein stor Kvitebjørn i snøen. Etterpå kan elevane kle seg ut som kongar og prinsesser for å leva ut rollene i forteljinga gjennom leik. Dei kan også leike som Løland sjølv gjorde, med kongler, kvist og andre naturgjenstandar. Eit mål med utstillinga er å stimulera den skapande undringa hjå barna. Kvitebjørnen inviterer difor til internaktivitet.

Stad: Nesasjøhuset

Tidsbruk: 30 minutt eller lengre

Trinn: Kan tilpassast alle trinn på barneskulen og barnehagar.

Fag: Norsk

Leik som ein viking

Sjølvaste Torstein av Heimnes (Hebnes), rådgjevar til Kong Håken Håkonsson kjem innom med eit lass klede han har røva til seg frå ein gard. Han er forundra over måten barna leiker på i dag og vil visa fram skikkeleg gamle leiker frå si eiga barndoms tid i år 1200. Vinteren er på hell og sola skin, så no ynskjer han å gløyma tungsinnet og vinterkulda og varme seg med nokre valdsamme leiker ute. Vågar du bli med?

Stad: Din skule eller eit av våre anlegg

Kompetansemål: Utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag

Tidsbruk: 1-2 skuletimar

Trinn: Kan tilpassast alle trinn på barneskulen og barnehagar.

Materiell: Museet tar med kostymer og materiell til gjennomføring av leikane.

Fag: Gym og Historie.

DSCF1789_02-scaled-e1675668979878
frksalem-scaled

Ein skuledag i 1872

I grålysinga tek du på stive, stikkande ullklede, trør inn i treskoa og førebur deg mentalt på ein time med lærerinna, Frk Salem. Etter kvart som dagen går merkar du at Frk Salem sitt språk stadig blir meir fargerikt, og kjakane hennar raudnar meir og meir.

Ein elev er for sein og ein annan sovnar midtvegs. Ei blid ung jente rekker opp ei hand, og ei anna klagar på eksempelbruken til Frk Salem. Nokre har passa på sauer heile natta, medan andre har flekkar på auga. Kva Frk Salem må forhalda seg til vil ingen ende ta..

Bli med på en annleis skuletime og erfar korleis det var å gå på skule på Jelsa i det herrens år 1872.

Stad: Din skule eller på skulemuseet på Jelsa

Tidsbruk: 60 min

Tverrfagleg tema:  Demokrati og Medborgarskap

Fag:  Samfunnsfag, Norsk, Matte, Historie, Musikk

Brettspelet Reisa til Amerika

Brettspelet Reisa til Amerika er eit pedagogisk og strategisk brettspel basert på historiske utvandraskjebnar frå Ryfylke på 1800-talet. Gjennom spelformatet får du oppleve nokre av dei same utfordingane og vala som dei som utvandra frå Noreg til Amerika i løpet av 1800-talet.

Spelarane får kvar sitt startkort med enkel bakgrunnsinformasjon om historiske personar som har utvandra. Dette er din karakter i spelet. Kvar karakter har ulikt utgangspunkt, spegla i spelressursar. Målet med spelet er å nå Den Amerikanske Draumen om eit betre liv. Spelarane må samla ressursar i ulike kategoriar som dei treng for å reagera på hendingar og for å nå måla sine. Ved slutten av spelet reknar ein saman poeng – klarte du å nå Den Amerikanske Draumen?

Spelet tek utgangspunkt i originalt kjeldemateriale om personar som utvandra frå ulike stadar i Ryfylke i løpet av emigrasjonsperioden 1825-1915. Hendingar som prega utvandrarane sitt liv blir blanda inn i spelet som hendingskort, informasjonskort og utdrag frå originale Amerikabrev som utvandrarane sendte heim. Etter spelet får ein trekke sluttkonvolutt/lagnadskort for din karakter, som knyter spel og røynd saman: i sluttkonvolutten kan ein lese korleis det faktisk gjekk for den historiske personen ein nettopp spelte, og sjå døme på kjeldemateriale som fortel oss denne historia. 

Spelet er teke opp som del av tilbodet i Den kulturelle skulesekken i Rogaland, og kan elles tingast hjå Ryfylkemuseet.

RFF1986-186-02
Suldal_Bonde_Strapa_Suldalsosen_uden_ramme

Besøk fotoutstillinga

Ta med klassen på besøk i utstillinga til fotograf Luca Berti, Folk og landskap i Ryfylke.

Luca Berti er ein italiensk fotograf med eit særeige prosjekt: han reiser regionar rundt til fots eller med sykkel med eit storformat Linhof-kamera, og tek bilete av landskap, menneske og arkitektur.

Besøk oss for å sjå dei unike bileta frå Ryfylke.

Velkomen.

Stad: Nesasjøhuset til 24. august 2025

Tidsbruk: Sjølvbetent besøk, anslått tidsbruk 25 min. Kan evt. kombinerast med besøk i Kvitebjørnen.

Trinn:  passar for alle, frå barneskule til VGS

Fag:  Samfunnsfag, klassens time, historie, kunst og handverk.

Bestilling

Fyll ut skjemaet under eller kontakt museet for bestilling av opplegg for skule eller barnehage.

Kontaktperson(Påkrevd)
Vel opplegg(Påkrevd)
Ryfylkemuseet kan ikkje garantera at me kan stilla på ønska dato
MM slash DD slash YYYY

Kolbeinstveit før konsert med Sigrid Moldestad & band