Under finn de undervisningstilboda våre. Undervisningsopplegga er tilpassa læreplan og kompetansemål. Mange av våre undervisningsopplegg kan tilbys fleire stader, og nokre kan me også ta med oss ut til skulane.
Skjema for påmelding finn du nedst på sida. Ta kontakt om det er ønskeleg med meir informasjon eller om du har spørsmål.
Museumspedagog
Vegard Lindtner
Tlf.: 480 59 746
E-post: vegard.lindtner@ryfylkemuseet.no
FORTELJARSTUND I KVITEBJØRNEN
Utstillinga Kvitebjørnen er laga for barn og er basert på barneboka med same namn, av den lokale forfattaren Rasmus Løland (1861-1907).
Eit skulebesøk i Kvitebjørnen byrjar med ei forteljarstund. Då får elevane høyre kva som skjedde då Pål, Gunnar, Kolbein og Andres laga ein stor Kvitebjørn i snøen. Etterpå kan elevane kle seg ut som kongar og prinsesser for å leva ut rollene i forteljinga gjennom leik. Dei kan også leike som Løland sjølv gjorde, med kongler, kvistar og andre naturgjenstandar. Eit mål med utstillinga er å stimulera den skapande undringa hjå barna. Kvitebjørnen inviterer difor til internaktivitet.
Stad: Nesasjøhuset
Tidsbruk: 30 minutt eller lengre
Trinn: Kan tilpassast alle trinn på barneskulen og barnehagar.
Fag: Norsk
LEIK SOM EIN VIKING
Sjølvaste Torstein av Heimnes (Hebnes), rådgjevar til Kong Håken Håkonsson kjem innom med eit lass kler han har røva til seg frå ein gard. Han er forundra over måten barna leiker på i dag og vil visa fram skikkeleg gamle leiker frå si eigen barndomstid i år 1200. Vinteren er på hell og sola skin, så no ynskjer han å gløyma tungsinnet og vinterkulda og varme seg med nokre valdsamme leiker ute. Tørr du bli med?
Stad: Din skule eller eit av våre anlegg
Kompetansemål: Utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag
Tidsbruk: 1-2 skuletimar
Trinn: Kan tilpassast alle trinn på barneskulen og barnehagar.
Materiell: Museet tar med kostymer og materiell til gjennomføring av leikane.
Fag: Gym og Historie.
LAFTEMATIKK
Det er ikkje alltid ein kjem til duk og dekka bord. Men når museet er innom er det akkurat det som venter på barna! Gjenstandane på bordet inspirerer til historieforteljing. Saman bygger me Gamlegata, som er ein verkeleg fantastisk stad.
Det er òg ein fysisk stad, med hus i lafta tømmer. Med fysiske størrelsar; med forskjellige hus, menneskjer, detaljar, spøkelse, draumar og levde liv.
Stad: Din skule eller eit av våre anlegg
Kompetansemål: samtale om bruk, funksjon og materialval i ulike bygningar og lage skisser med forslag til ny arkitektur
Tidsbruk: 2 timer
Trinn: Kan tilpassast 1-4 trinn.
Fag: Opplegget er tverrfagleg og er innom tema i norsk, K&H, samfunnsfag og matematikk. Metoden som blir brukt heiter Storyline.
ROSEMÅLING
Sjølvaste Lars Aslak Trageton kjem vandrande etter å ha slitt seg ut med å måle ferdig rosebua på Løland.
Han har funne opp ein heilt spesiell type rosemåling og nå treng han ein kaffitår og ein pust i bakken før han besøker ein familie i nærleiken som ynskjer å få målt ei bolle dei har arva. Folk liker å pynte tinga dei eiger – om dei har råd til det.
Lars Aslak har med seg penslar, måling og emne å mala på sånn at dokker kan få prøvd det ut!
Stad: Din skule eller eit av våre anlegg
Kompetansemål: Beskrive mangfaldet i klestradisjonar eller gjenstandar, inkludert samiske, og lage eit produkt med inspirasjon frå kulturarv.
Tidsbruk: 1-2 Skuletimar
Trinn: Kan tilpassast 4-7 trinn.
Materiell: Museet tar med emne, måling og nokre døme på gjenstandar med rosemåling.
SISTE SKULEDAG I 1862
Siste skuledag er komen og du er nervøs for konfirmasjonsdagen. I morgonsola tar du på stikkande ullklede, trør inn i treskoa og førebur deg mentalt på Lærar Vrål Mehus. Ettersom dagen går merker du at Herr Mehus sitt språk blir stadig meir fargerikt, og kjakane hans enda meir raude!
Ein elev er for sein og ein annan sovnar midtvegs. Ei blid ung jente rekker opp ei hand, og ei anna klagar på eksempelbruken til Herr Mehus. Nokre har passa på sauer heile natta mens andre har flekkar på auga. Kva Herr Mehus må forhalda seg til vil ingen ende ta…
Bli med på en ellevill lafteknute av ein time og erfar korleis det var å gå på skule på Jelsa i herrens år 1862!
Stad: Din skule eller Jelsa skulemuseum
Tidsbruk: 60 min
Tverrfagleg tema: Demokrati og Medborgarskap
Fag: Samfunnsfag, Norsk, Matte, Historie, Musikk
Meir informasjon kjem… Ta kontakt viss du har spørsmål.
PROPAGANDA
Kva er forskjellen på propaganda og reklame? Er all propaganda farleg? Kven er det som lager propaganda? Kan eg sjølv vere ein av skurkane som spreier propaganda? Og, kva er eigentleg informasjonsvasking?
Desse spørsmåla og meir vil du finne svar på om du kjem til Ryfylkemuseet. Der skal me diskutere, reflektere, argumentere, inspisere, ambulere, reklinere, og…
Ja, rett og slett sjå på skumle monster, sterke fargar og sterkare bodskap i originale eksemplar på 1900-talets propaganda!
Fyll ut skjemaet under eller kontakt museet for bestilling av oplegg for skule eller barnehage.