Bli omvisar
Har du lyst til å bli omvisar på Ryfylkemuseet?
Museet får ofte førespurnadar om og bestillingar på omvisingar og anna på museumsanlegga våre, der mange av desse er utanom sommarsesongen. Me søkjer difor tilkallingsguidar som ved behov kan fortelja og visa rundt på
- Kolbeinstveit
Historisk museumstun med vertskap i sommarsesongen - Sand, inkl. Nesasjøhuset
Strandstad, utstillingar og museumsbutikk - Li-tunet
Museumsgard med vakker utsikt over Hylsfjorden - Røynevarden
Husmannsplass ved Suldalsvatnet - Håland
Storgarden i Erfjord - Viga
Storgard med frukthistorisk hage i Hjelmeland
Me tilbyr opplæring og manus, men du er også velkomen til å ta med eigne historier som du ynskjer å dela med gjester til museet. Me søkjer i utgangspunktet folk som kan guide på norsk, men andre språk er også velkomne. Førarkort klasse B er ein føresetnad
Har du lyst til å stå på ei liste over omvisarar som me kan kontakte ved behov? Fyll ut skjema under.
For meir informasjon, kontakt publikumskoordinator Elisabeth Figenschou på 52 79 29 50 eller send epost til elisabeth.figenschou@ryfylkemuseet.no.
Meld interesse
Du forpliktar deg ikkje til eit visst antal omvisingar og me vil alltid kontakte deg i god tid før eit eventuelt opplegg. Lønn etter avtale.