Ryfylkemuseet søkjer etter administrasjonsrådgjevar - fast 100% stilling

Kan du butikk, økonomi eller kundeoppfølging og har lyst å jobbe i ein kulturinstitusjon?

Ryfylkemuseet er eit aktivt regionmuseum i utvikling, og søkjer nå etter ein kollega som likar å jobbe med varierte oppgåver i ein organisasjon i vekst. Ryfylke bygningsvernsenter er ei ny avdeling i museet, og vi jobbar med utvikling av nytt butikk-konsept. Vi har nå oppretta ei ny, full stilling som skal hjelpe oss med ulike oppgåver. Stillinga er plassert i administrasjonen med direktør og kontorleiar som kollegaer. Direktør er næraste overordna, og personen i stillinga skal vere del av leiargruppa.

 

Arbeidsoppgåver

Det er i utgangspunktet tre ulike område som du skal jobbe med. For det første har museet vakse ein del dei siste åra, og vi treng difor ein stillingsressurs i administrasjonen. Som del av administrasjonen skal du kunne vere vikar for kontorleiar, som inneber blant anna rekneskapsarbeid. Du vil også jobbe med løn, personaloppfølging i samarbeid med direktør, budsjettarbeid, søknads- og rapportskriving og anna førefallande arbeid.

Det andre området er Ryfylke bygningsvernsenter, som er ei nyetablert avdeling i museet. Bygningsvernsenteret tilbyr ulike tenester til private og offentlege huseigarar. Her treng vi ein person som kan ha ansvar for kontraktar, fakturering, administrativ oppfølging, kundeoppfølging, lager og logistikk, og rapportering. Mykje av arbeidet her vil vere i samarbeid med avdelingsleiar og bygningsvernrådgjevar.

Som tredje punkt har vi planar om å utvikle eit nytt butikk-konsept, bygningsvernbutikk. Dette er ein del av bygningsvernsenter-satsinga. Vi har allereie ein museumsbutikk, nettbutikk og bruktbutikk for bygningsdelar. Desse skal dei neste åra vidareutviklast i eit samla butikk-konsept. Administrasjonsrådgjevar vil vere ein viktig person i dette arbeidet. Personen i stillinga skal ha ansvar for det administrative arbeidet knytt til butikk og nettbutikk, som til dømes varelager, bestillingar, kasseoppgjer, mm. Det kan vere aktuelt å legge personalansvar for butikktilsette til stillinga etter kvart.

Du vil altså vere ein viktig støttespelar for administrasjon og leiing av museet, og ha ei nøkkelrolle i den administrative og økonomiske oppfølginga av bygningsvernsenter og bygningsvernbutikk. Begge er under utvikling, og rett person vil kunne vere med på utvikle dette tilbodet frå museet i stor grad.

 

I stillinga vil du blant anna jobbe med:

  • utvikling av bygningsvernbutikken, inkludert nytt system for lagerbehaldning, drift av nettbutikk m.m.
  • innkjøp, administrativ oppfølging av butikk
  • kontraktar og oppfølging av kundar og leverandørar
  • prosjektbudsjettering, søknadsskriving, økonomisk rapportering og liknande i samarbeid med avdelingsleiarane og direktøren
  • HMS-arbeid og personaloppfølging i samarbeid med direktør
  • bistand til årsrekneskap, rekneskapsrelaterte oppgåver og rapportering
  • andre administrative oppgåver etter behov

 

 

Kvalifikasjonar

Stillinga skal foreine behov på fleire område, og vi er veldig klar over at ingen vil kunne alt. Det vil bli gitt opplæring og innhaldet vil til ein viss grad kunne bli tilpassa kompetanse. For oss er det viktigaste at vi får inn ein uredd person som likar varierte oppgåver, er strukturert og påliteleg, og fort kan  sette seg inn i nye ting. Vi ønskjer oss ein kollega som jobbar strukturert, har god forretningsforståing og er komfortabel med eit variert spekter av oppgåver.

Difor er vi også ganske opne på kva fagområde du er utdanna i. Stillinga krev høgare utdanning, men kandidatar med lågare utdanningsgrad men med særleg relevant erfaring vil også bli vurderte. Vi vil ta utgangspunkt i ei heilskapleg vurdering av utdanning og erfaring.

For oss er det svært viktig at du passar inn i teamet og kan stå for verdiane til museet. Personleg dugleik vil difor vere ein viktig faktor for oss.

Varelager og logistikk vil også vera viktig, då jobben vil innehalda arbeidsoppgåver innan ulike butikkformer og innkjøp av materiale både til eigne bygningar og til vidaresal. Erfaring innan dette området vil derfor vera ein stor fordel. Kjennskap til digitale rekneskapssystem og rekneskapsarbeid eller erfaring med kontraktarbeid er også ein fordel.

Til sjuande og sist handlar det meste også om menneske, og du må vere flink til å kommunisere med kollegaer, leverandørar og kundar. Det blir stilt krav til generelt god IT‑kompetanse, og du må meistre norsk munnleg og skriftleg. Førarkort er ein fordel.

Er du systematisk og nyfiken og kan både sjå det overordna bildet og kvalitetssikre detaljane? Synest du det er spennande med ein variert arbeidskvardag der utviklingsoppgåver og meir rutineprega oppgåver går om kvarandre? Trivst du i eit miljø der du kan påverke strategiske vegval, men også er forventa å ta ansvar for eigen arbeidskvardag? Dersom dette høyrest spennande ut, håpar vi du tar kontakt!

 

Dette kan vi tilby

  • Fast, full stilling i vakre Ryfylke. For rett person kan deltidsstilling vurderast.
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit innovativt miljø med gode og kompetente kollegaer
  • Kontorplass med universell tilrettelegging
  • Organisasjon med god økonomi og spennande framtidsplanar
  • Løn etter avtale. Stillinga er plassert som fagstilling, med årslønn frå kr 490 000,-.
  • Pensjonsordning i KLP

Mangfald er viktig for oss. Om du er kvalifisert for stillinga, er du velkommen som søkjar uansett kjønn, alder, kulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.

Spørsmål om stillinga kan du rette til direktør Anna Ehrhardt, aneh@ryfylkemuseet.no, eller til kontorleiar Sanja Ignjatic, 480 62 758.

 

Søknadsfrist: 17. september 2023

Søknad

Søknad med CV og kopi av relevante vitnemål og attestar sender du til post@ryfylkemuseet.no eller til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand. Referansar vil vi be om i eit eventuelt intervju.

All informasjon blir behandla konfidensielt fram til søknadsfristen går ut. Vi vil så utarbeide ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ikkje ønskjer å stå på lista, må opplyse om dette særskilt i søknaden. Etter offentleglova kan opplysningar om søkjaren gjerast offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre leddet. I så fall vil vi ta kontakt og gjere det mogleg å trekkje søknaden.

 

Om Ryfylkemuseet

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 19 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. I tillegg kjem vertar og sommartilsette. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Dei viktigaste satsingsområda for museet er immateriell kulturarv med vekt på bygningsvern og folkemusikk og -dans, og dessutan samfunnsrolla vår der vi har merksemda retta mot inkludering og mangfald, klima og miljø. Særleg bygningsvern og tradisjonshandverk er ein sentral del av arbeidet vårt. Difor har museet etablert Ryfylke bygningsvernsenter. Som ein del av den vidare utviklinga av bygningsvernsenteret ønskjer vi å etablere ein bygningsvernbutikk.

Bli Medlem