OM BYGNINGSVERNET
Ryfylkemuseet forvaltar 74 bygningar og 2 antikvariske båtar, og er det største bygningsmuseet i Rogaland. Bygningssamlinga representerer eit stort spenn i alder, sosial tilknyting, bruksområde og byggeteknikk og er såleis kjelde til mykje kunnskap om byggeskikk og det levde livet i og rundt husa i Ryfylke. Ryfylkemuseet har lenge arbeidd med dokumentasjon av den lokale byggeskikken og handverket som har skapt den. Sjå tidlegare forskingsprosjekt for meir informasjon om dette.
Museet har eit ansvar for også å ta vare på sjølve handverket, den immaterielle kulturarven, og arbeider med å atterreisa og spreia kunnskapen om dei gamle tradisjonelle bygningsfaga for å sikra kvaliteten på arbeidet med bygningane slik at dei kan stå fram som truverdige referanseobjekt for den lokale bygningsarven.
LOKALT, TRADISJONELT BYGGNETTVERK
Mykje av kunnskapen om den lokale, tradisjonelle byggeskikken finn ein i skriftlege kjelder, intervju og gamle foto, og ein kan lesa bygningshistoria gjennom studiar av bygningen, og ved gransking av bruksspor og verktøyspor. Handverket kan likevel bare lærast gjennom å gjera og vidareførast gjennom bruk. Me nytter eit kvart høve til å læra av tradisjonsberarar og skapa lærearena på våre byggeplasser der våre handverkarar får jobba saman med dei som kan noko. Når det passer slik blir det arrangert kurssamlingar på slike læreplasser.
BYGNINGSAVDELINGA
Arbeidet med bygningsvern er organisert i ei bygningsavdeling som har ein fast tilsett antikvar og tre museumshandverkarar. Ryfylkemuseet er godkjent opplæringsbedrift for lærling i tømmerfag, og prøver å ha ein lærling kontinuerleg. Museet samarbeider med vidaregåande skule om utplassering av praksiselevar i tømmerfag.
Til større utbetringsprosjekt, og der eiga fagkompetanse ikkje strekk til, søkjer ein i tillegg å finansiera handverkarar i prosjektstillingar.
Kontakt oss her
LÆREARENA FOR NTNU
Ryfylkemuseet samarbeider med NTNU om praktisk lærearena for bachelorstudentar i tradisjonshandverk. To av museumshandverkarane har gjennomført dette studiet med avslutting våren 2019. Les meir her.
FELLESTENESTENE FOR MUSEA I ROGALAND
Ryfylkemuseet er vertskap for ein felles bygningsantikvar for musea i Rogaland. Antikvaren er del av fellestenestane som også har fotoarkivar og samlingsforvaltarar. Les meir her.
BYGGNETTVERKET
Ryfylkemuseet var frå 2003 til 2017 ansvarleg museum for Nasjonalt nettverk for bygningsvern og handverkskompetanse på museum, Byggnettverket.
Som leiar av Byggnettverket har museet gjennomført følgjande prosjekt:
- Kjeldeskaping og kunnskapsoppbygging i bygningsvernet.
- Bygninsvern på musea. Ei utgreiing om forvalting av kulturhistoriske bygningar på musea i Rogaland.
- Klimautfordringane i bygningsvernet. Dette prosjektet blir gjort i samarbeid med Handverksnettet. Meir om dette her.
I 2017 vart Byggnettverket slått saman med Handverksnett, og det nye nettverket Bygningsvern – Nettverk for tradisjonshandverk og bygningsvern vart stifta.
Under nettverksmøtet 2019 på Stiklestad vart Ryfylkemuseet igjen vald til ansvarleg museum for nettverket.