OM MUSEET

Ryfylkemuseet skal tilby kunnskap og opplevingar, og skal bidra til ei positiv bygdeutvikling i Ryfylke.

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med samlingar i og frå heile Ryfylke, ein region med store variasjonar frå øylandskap i vest til fjord- og fjellandskap i aust. Museet har hovudsete på Sand i Suldal, men dekker òg Sauda, Hjelmeland, Strand, Forsand, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy.

Ryfylkemuseet tilbyr opplevingar som gir deg eit innblikk i kvardagslivet til ryfylkingane like frå 1500-talet og fram til i dag. På reise gjennom Ryfylke kan du mellom anna oppleva gardstun frå ulike samfunnslag og tidsepokar bevarte på sine opphavlege tufter, eit hummarmuseum og eit industriarbeidarmuseum, som kvar for seg representerer to viktige næringar i Ryfylkeregionen, og eit skulemuseum, som saman med dei andre avdelingane fortel om oppvekst i Ryfylke.

Museet har òg ei stor samling med foto og gjenstandar frå regionen. Me arbeider kontinuerleg for å gjera foto- og gjenstandssamlingane endå meir tilgjengelege på nettstaden Digitalt Museum.

Folkemusikkarkivet vårt inneheld mellom anna lyd- og videoopptak frå heile Rogaland.

Bygningsvernavdelinga vår arbeider tett med lokale tradisjonsberarar og tradisjonshandverk, og tar slik vare på både bygningane og den lokale byggeskikken.

Andre sentrale satsingsområde ved museet er formidling retta mot barn og unge, og kulturelt mangfald. Me kan by på eit variert og spanande tilbod med utstillingar, omvisingar, foredrag, konsertar, og mykje meir.

Velkommen til oss!

Ryfylkemuseet er sertifisert Miljøfyrtårn

Ryfylkemuseet var den første verksemda i Suldal med sertifisering som Miljøfyrtårn. Sidan 2014 har me vore ein del av denne ordninga, som forpliktar oss til å jobbe kontinuerleg med arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport. Museet har fleire små anlegg rundt om i Ryfylke. Me fører rekneskap frå desse anlegga på miljøprestasjonar, som blir ein del av eit felles sertifikat til hovudsetet vårt på Sand.

Innkjøp og materialbruk

Me har stort fokus på å handle lokalt, berekraftig og kortreist. Dette gjeld alle deler av drifta vår, både gjennom tilbodet vårt til publikum og i den daglege drifta internt på museet.

Energi

Mange av bygningane til Ryfylkemuseet er ikkje oppvarma og har ikkje innlagt straum. Unntaket er dei bemanna anlegga våre, og hovudsetet vårt på Sand som har det største forbruket. Her gjer me det me kan for å redusere energibruken.

Transport

Ryfylkemuseet er spreidd over heile Ryfylke, som naturleg fører med seg ein del reiseverksemd. Likevel har me fokus på å samkøyre der me kan, og me planlegg dagane våre for å redusere unødig transport. Bilparken vår blir gradvis skifta ut til køyretøy med lågare utslepp.

Arbeidsmiljø

Ryfylkemuseet skal vera ein god arbeidsplass. Me har eit lågt sjukefråvær hjå oss, og har fokus på legge til rette for at dei tilsette skal trivast i jobben sin.

Avfallshandtering

Me sorterer alt av avfall frå drifta vår, både i drifta på kontoret og gjennom byggeprosjekta våre. I tillegg har me høgt fokus på gjenbruk.

Bli Medlem