Ryfylke bygningsvernsenter

Ryfylke bygningsvernsenter er den utovervende delen av arbeidet Ryfylkemuseet gjer knytt til bygningsvern og tradisjonshandverk. Me hjelper gjerne privatpersonar som ønsker å ta vare på gamle hus og bygningsdelar, og som ønsker å lære om den handlingsborne kunnskapen.

Ryfylkemuseet har gjennom mange år opparbeidd ei brei erfaring innanfor dette temaet. Handverkarane ved Ryfylkemuseet har kompetanse til å gi gode råd i samband med restaurering og kan levere handverkstenester på høgt nivå.

Hjå oss legg me stor vekt på å ta vare på den handlingsborne kunnskapen. Det betyr at me prioriterer prosessuell autentisitet, som vil seie at me gjer ting slik det tradisjonelt har vore gjort. Me kan tilby autentisk tilverka materialar frå tre på rot til ferdig bygningsdel. Verkstadarbeidet blir gjort med handverktøy, og me bruker kortreiste materialar som er valt til formålet.

Kva tilbyr me?

Eit av formåla til Ryfylkemuseet er å arbeide for at kulturminna blir verna og nytta der dei høyrer heime. Me skal bidra til å ta vare på historia, og dei bygde omgivnadene høyrer med.

For deg som eig eit gamalt hus, vil dette seie at me kan hjelpe deg med råd og rettleiing om korleis du best kan ta vare på bygningsarven. Me kan utføre restaurering eller reproduksjon av bygningsdelar etter antikvariske prinsipp, og me tilbyr kurs innan bygningsvern. Me har dessutan eit lite utval av brukte bygningsdelar frå gamle hus.

Under er ei liste tenester me tilbyr. Har du eit spesielt prosjekt som ikkje passar inn i kategoriane under, er det berre å ta kontakt!

Kva tilbyr me ikkje?

Museet gir ikkje økonomisk støtte til private prosjekt, og det er heller ingen garanti for at samarbeid med oss fører med seg midlar frå støtteordningar.

Me ønsker ikkje å vere ein konkurrent i den private marknaden, men vil tilby tenester som er lite tilgjengelege i regionen vår.

Ryfylkemuseet har inga myndigheitsrolle. Det betyr at du som privatperson kan få ei fagleg vurdering og råd utanom det offentlege avgjerdsapparatet.

Gratis synfaring og rådgiving

Er du eigar av ein eldre bygning, og er usikker på kva du kan eller bør gjera for å ta vare på det? Då kan du ta kontakt med oss for gratis råd og rettleiing. Ryfylkemuseet er del av eit pilotprosjekt frå Rogaland fylkeskommune der huseigarar kan få besøk og rådgiving av ein handverkar, antikvar eller arkitekt med kompetanse på eldre bygningar.

Bygningen treng ikkje vera freda eller formelt verna for å vera innføre tilbodet. Ta kontakt om du er usikker på om huset ditt er innføre ordninga.

Tilbodet er avgrensa til eitt dagsverk pr. førespurnad, og gjeld bygningar og anlegg i Ryfylke.

Kva får du ut av dette tilbodet?

  • Besøk av ein handverkar, antikvar eller arkitekt med kompetanse på eldre bygningar
  • Praktisk gjennomgang av eige bygg
  • Svar på spørsmål om eldre hus
  • Informasjon og råd om restaurering og vedlikehald
  • Informasjon om støtteordningar

Dersom du har behov for spesialkompetanse kan me gi råd om kor du kan leite.

Etter synfaringa får du eit kort skriftleg notat om bygningen og kva me såg på. Notatet inkluderer gjerne gamle bilde eller informasjon om vernestatus, dersom dette er tilgjengeleg. I synfaringa og rapport kan me og sjå på og snakke om den generelle tilstanden. Rapporten kan med fordel leggast ved søknadar om økonomisk støtte til antikvarisk restaurering. Museet tek gjerne bilete under synfaringa, dersom du tillèt det.

Kva får du ikkje gjennom dette tilbodet?

  • Ryfylkemuseet har inga myndigheitsrolle. Me kan ikkje pålegge deg å gjera tiltak, og me kan ikkje avgjera byggesaker eller liknande. Vår rolle er å gi ein bygningsfagleg vurdering utanom det offentlege avgjerdsapparatet.
  • Me utfører ikkje praktisk restaurering på synfaringane, men kan fortelje deg korleis det kan gjerast.
  • Den gratis synfaringa inkluderer ikkje ein omfattande tilstandsvurdering etter Norsk Standard.
  • Me lager ikkje teikningar av fasadar, planløysing eller liknande, men me kan diskutere løysingar med deg.
  • Me deler ikkje ut økonomisk støtte gjennom denne ordninga, men me kan gi råd om kor og korleis du kan få tak i slik støtte.

Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. Ta kontakt om du er usikker.

Rådgiving i større prosjekt

Dersom du har behov for langvarig rådgiving i konkrete restaureringsprosjekt kan me fungere som rettleiar etter nærare avtale. Dette blir gjort etter gjeldande timepris.

Ta gjerne kontakt med oss!

Langvarig/større arbeid gjer me etter medgått tid. Gjeldande timepris i 2024 er 900 kr (eks. mva).

Tilstandsvurdering

Tilstandsvurderinga har eit større omfang enn den gratis første synfaringa. Dette er eit arbeid som krev ein grundig gjennomgang på plassen. Her utarbeidar me ei oversikt over alle bygningselementa i huset. Me set tilstandsgrad og konsekvensgrad på dei bygningsdelane me kan kome til, supplert med nokre tilrådingar. Dette er typisk eit dokument som blir brukt for å få pris på arbeidet av utøvande handverkarar, som igjen kan brukast for å søke om tilskot. Tilstandsvurderingar frå Ryfylkemuseet er basert på NS-EN 16096:2012. Me undersøker normalt ikkje tekniske anlegg og utandørs konstruksjoner som ikkje høyrer til bygningen (t.d. veg- og hageanlegg).

Prisen vil variere ut frå omfanget og blir fakturert etter medgått tid. Gjeldande timepris i 2024 er 900 kr (eks. mva).

Antikvarisk verkstad

Ryfylkemuseet jobbar jamleg med restaurering eller reproduksjon av bygningsdelar. Me har òg ein eigen laftehall til større prosjekt.

Me kan i tillegg lage verktøy tilpassa spesielle oppgåver. Døme på dette kan vere profilhøvlar eller liknande.

Prisen for slike tenester varierer ut frå omfanget og må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Gjeldande timepris i 2024 er 900 kr (eks. mva).

Delebutikk

Mange eldre bygningsdelar er av svært høg kvalitet og kan han lang levetid med rett vedlikehald. Ryfylkemuseet er i ferd med å bygge opp eit utval av bygningsdelar for gjenbruk.

Treng du eit gamalt vindauge, ei dør, gamle takpanner/skifer eller liknande, er det berre å ta kontakt, så skal me sjå kva me har inne.

Prisen varierer etter kva bygningsdel det er snakk om. Generelt er det låge priser på dette hjå oss, då me ønsker å stimulere til gjenbruk.

Kurs

Ei av oppgåvene til Ryfylkemuseet er å spreie kunnskap om bygningsvern og tradisjonshandverk. Me arrangerer med jamne mellomrom kurs innan restaurering eller anna knytt til bygningsvernet. Ofte bli kursa haldne i samband med vedlikehaldet av museet sine eigne anlegg, men er det eit spesielt spanande eksternt prosjekt, kan kursing inngå som ein del av dette.

Døme på kurs me har hatt, er restaurering av vindauge, vedlikehald og produksjon av verktøy, laftekurs, neverriving og liknande.

Følg med på kalenderen vår for å sjå kva som skjer!

Bli Medlem