Aktivitet

Folkemusikkarkivet jobbar aktivt med ulike formidlingsprosjekt, dei største er:

Fuglen – spele og dansekveldar

Fuglen blir arrangert på Siddisstova i Stavanger 4-5 gonger i året, i samarbeid med BUL Stavanger. Her er alle velkomne som har lyst til å dansa, spela, eller drikka kaffi og drøsa. Fuglen er alltid på laurdag kveld, og er du ungdom kan du også vera med på Fuglesamling – helgesamling med folkedans for ungdom heile laurdag og søndag. Nokre gonger er det til og med Småfuglsamling for dei under 13 år.

Sjå elles alle opplevingar/kva skjer på forsida.


Folk på fredag

Folk på fredag er ein konsertserie med folkemusikkfavorittar på kulturhuset i Suldal, – eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet, kulturhuset i Suldal og Brunsj.

Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger. Det er alltid god mat og drikke frå kafeen, og etter konsertane er det jam og dans.

Sjå elles alle opplevingar/kva skjer på forsida

 

Folkemusikk- og dansehelg

Den første Folkemusikk- og dansehelga i Suldal blei arrangert i 1990, og sidan har dette blitt ein årleg tradisjon. Kurset blir arrangert i november på Mo laksegard, og er for deltakarar i alle aldrar og på alle nivå. Det er kurs i både spel, song og dans, instruktørane er av dei beste utøvarane i landet på sitt felt. Med høg trivselsfaktor i tillegg gir kurshelga både sosialt og musikalsk påfyll år etter år.

Sjå elles alle opplevingar/kva skjer på forsida.

 

Bli Medlem