GRUPPETILBOD

GRUPPETILBOD

Er de ein vennegjeng, bedrift eller organisasjon som har planlagt ein tur til Ryfylke? Då kan de ta ein kikk på våre gruppetilbod under.

Det er dei same prisane for turistgrupper, bedriftar, lag og organisasjonar. Me tilbyr enkel servering, til dømes kaffe og vafler, for eit tillegg i prisen.

For bestilling eller meir informasjon ring: 52 79 29 50 eller send e-post til: post@ryfylkemuseet.no

 

OMVISING PÅ VÅRE MUSEUMSANLEGG

Me har museumsanlegg i heile Ryfylke, klikk på «Vel stad» i menyen over for å sjå kva de kan oppleve der de skal. Me tilbyr omvisningar på alle våre museumsanlegg.

  • Vanlig pris per person kr. 60
  • Minstepris kr. 1000,- utanom faste opningstider
  • I museumsanlegget si opningstid er omvisning inkludert i inngangsprisen.

 

TOKT MED BRØDRENE AF SAND

Jekta «Brødrene af Sand» er ikkje sertifisert for passasjerdrift, men har løyve til å ta formidlingsoppdrag der dei som deltek som medseglarar. Det er venneforeninga for Brødrene som stiller med frivillig mannskap på turane. Det er plass til 20 personar om bord utanom mannskapet.

For å dekke kostnadane med vedlikehald og drift ber vi om ei gåve frå medseglarane i forhold til lengda på toktet:

Føremiddags-/ettermiddagstur frå Sand: NOK 8 000
Dagstur inntil 24 timar: NOK 13 000
Langtur, tillegg pr. døgn over 6 timar: NOK 6 500
Deltakarane dekkjer utgifter til kost.

Pris gjelder avgang frå Sand. Avgang frå andre steder vil påføre tilleggskostnad.

GATEVANDRING PÅ SAND

Alternativ 1: kr 150 pr. person*
Inkluderer gatevandring ca ein time, besøk på laksestudioet og på Nesasjøhuset i opningstida.

Alternativ. 2: kr 100 pr. person*
Inkluderer gatevandring ca ein time og besøk på Nesasjøhuset i opningstida.

* Minstepris kr 1000 hvis laksestudio og Nesasjøhuset besøkes utenfor opningstida

UNDERVISNING, KURS OG KONSULTASJONAR

Eksterne synfaringar og konsultasjonar: minstepris kr. 1000

Foredrag og programinnslag: kr. 2000

 

Bli Medlem