Vel stad

TIDLEGARE FORSKINGSPROSJEKT

PROSJEKT OM KLIMAUTFORDRINGANE

Byggnettverket og Håndverksnett har i perioden september 2015 til januar 2017 gjennomført prosjektet «Felles innsats for å møte klimautfordringane». Prosjektet blei finansiert gjennom støtte frå Norsk Kulturråd og  seks fylkeskommunar. Ryfylkemuset har vore vertskap for prosjektet, og Roy Høibo har vore prosjektleiar.

Musea forvaltar kring 5 000 bygningar. Men mange av musea er på etterskot med vedlikehaldet alt før klimaendringane gjer jobben tøffare.

Klimaendringane aukar risikoen for vassinntrenging i bygningar, flaum, groing, sopp, rote, angrep av skadedyr, korrosjon og frostsprenging. Det er aukande fare for lekkasjar og brå skadar. Ein lengre vekstsesong gir attgroing og eit endra kulturlandskap.

Musea har for små ressursar til å møte eit veksande behov for vedlikehald og det er behov for å styrke kunnskapen om materialar, verktøybruk og arbeidsmetodar. God kunnskap om tradisjonshandverk ser ut til å vera den beste måte å møte utfordringane på.

Kunnskap om tradisjonelle byggemåtar og bruk av kortreiste materialar kan gi viktige bidrag til meir klimavennlege løysingar også i nye hus.

Her er rapporten.

KULTURELT MANGFALD

Da krigen i det tidlegare Jugoslavia førte til ei stor tilstrøyming av flyktningar til Norge tok vi opp eit arbeid for å dokumentere dei landflyktige og møtet med det norske samfunnet. Dette engasjementet har seinare utvikla seg til eit breitt engasjement i forhold til det kulturelle mangfaldet. Nedanfor følgjer eit oversyn over noen av dei prosjekta vi har arbeidd med.

Islam i bedehusland (2004-2005)
Dokumentasjonsprosjekt som granskar møtet mellom innvandrar og fastbuande i Ryfylke-kommunane og korleis det er å finne seg til rette i bygde-Noreg med ein bakgrunn frå ein annan kultur og med ein annan religiøs tilknyting. I 2005 blei det gitt ut ein rapport om prosjektet og produsert ei vandreutstilling. Prosjektet blei finansiert av ABM-utvikling og Kultur- og kyrkjedepartementet.

Den fleirkulturelle bygda (2001-2002)
Gransking gjennomført i samband det nasjonale dokumentasjonsprosjektet «Dokument 2000». Dette prosjektet hadde som formål å dokumentere viktige sider ved det norske samfunnet ved årtusenskiftet. Vår gransking førte til utgiving av rapporten «Den fleirkulturelle bygda».

Den lange vegen (1998-1999)
Prosjektet Den lange vegen handlar om flyktningar frå det tidlegare Jugoslavia som kom til Suldal etter krigen i Bosnia-Hercegovina. Museet gjennomførte ei brei intervjuundersøking mellom flyktningane, laga ei utstilling og arrangerte ein konferanse om innvandring i bygdesamfunnet. Etter prosjektet blei det utarbeidd ein rapport om prosjektet kalla «Den lange vegen – Rapport om museet og den fleirkulturelle utfordringa».

BYGDEBØKER 

Ryfylkemuseet har hatt prosjekt-tilsett bygdebokskrivar sidan 1986. Dåverande styrar på museet, Roy Høibo, tok da til med «Soga om Sand», som ein del av Suldal kultursoge. Boka kom ut i 1993.

Frå 1993 har Ernst Berge Drange vore fulltidstilsett bygdebokskrivar ved museet. Arbeidet blir finansiert av Suldal kommune, som altså kjøper tenesta av Ryfylkemuseet.

Ernst Berge Drange ga i perioden 1997-2000 ut 3 bind gards- og ættesoga for gamle Sand kommune, med tittelen «Sand – Gardar og folk». Det tredje bindet er likevel mest ei strandstadsoge, og ikkje ei gardssoge. I 2004 kom 2 bind gards- og ættesoge for gamle Erfjord kommune med tittelen «Erfjord – Gardar og folk». I 2014 kom også 3-bindsverket av Jelsa – gardar og folk.

Hovudperspektivet i bygdebokverka har vore å sjå historia innafrå, med utgangspunkt i natur- og ressursgrunnlaget på kvar einskild gard. I tillegg til det vanlege, skriftlege lokalhistoriske kjeldematerialet har det såleis blitt gjort eit større feltarbeid i samband med bøkene. Mykje gamalt forteljarstoff og munnlege opplysningar elles er samla inn og teke i bruk. Bøkene er til sals på Nesasjøhuset og i vår nettbutikk (porto kjem i tillegg), samt på kommunehuset i Suldal.

BYGNINGSVERN

Museet har like sidan 1995 arbeidd med atterreising, dokumentasjon og vidareføring av tradisjonskunnskap i bygningsfaga. Arbeidet har vore finansiert ved hjelp av midlar frå Suldal kommune og Rogaland fylkeskommune.

Prioritering i bygningssamlinga (2016)
Ryfylkemuseet forvaltar 85 kulturhistoriske bygningar. For å få eit betre grunnlag for vedlikehald og bruk av bygningane er det gjennomført ei evaluering etter ein metode som er tilrådd av Kulturrådet. Resultatet ligg føre i ein rapport kalla «Prioritering i bygningssamlinga». Rapporten kan gi grunnlag for ei betre prioritering av vedlikehaldsoppgåvene, men også til ei vurdering av eit differensiert forvaltingsregime. Rapporten omfattar også ei evaluering av drifta, og ei vurdering av utviklingspotensialet for dei enkelte anlegga. Du kan laste ned rapporten her.

 

Kjeldeskaping og kunnskapsoppbygging i bygningsvernet (2005-2008)
I perioden 2005-2008 gjennomførte vi prosjektet ”Kjeldeskaping og kunnskapsoppbygging i bygningsvernet” for midlar som blei stilt til rådvelde frå ABM-utvikling.Prosjekt skulle utvikle metodar for oppbygging, innsamling, tilrettelegging og tilgjengeleggjering av kjeldedata i samband med vern, flytting og vedlikehald av bygningar. Formålet var å utvikle metodar som sikrar tilfredsstillande dokumentasjon og nødvendig kompetanseheving i arbeidet med forvalting av verneverdige bygningar. Prosjektet blei initiert av Byggnettverket og blei gjennomført i samarbeid med medlemmar i nettverket. Eit resultat av prosjektet var ei Handbok i bygningsvern.

Byggeskikk i Ryfylke (1995-2001)
Dokumentasjon av byggeskikk og bygningsvern i Ryfylke. Resultata frå prosjektet er publisert i ein rapportserie og i FOLK i Ryfylke 2001.

ANDRE FORSKINGSPROSJEKT

Samarbeidsprosjekt om immateriell kultur (2014-2015)
Den handlingsborne kunnskapen har vore tema for eit to år langt samarbeid med museet Staro Selo i Serbia. Rapporten frå prosjektet er å finna her.

Røldal-Suldal kraft (2014-2015)
Trygve Brandal har gjennomført eit bokprosjekt på oppdrag frå Hydro Energi i samanheng med 50 årsjubileet for Røldal-Suldal Kraft i 2015. Boka omhandlar anleggstida på 1960-talet, om samspel på godt og vondt mellom kraftselskapet og bygdesamfunna, og om drift og utvikling av kraftanlegga i Røldal og Øvre Suldal gjennom 50 år.

Sauda Fabrikkarbeiderforening (1999)
Ernst Berge Drange gjennomførte i 1999 eit oppdrag for Sauda Fabrikkarbeiderforening der formålet var å skrive soga til foreningen. Arbeidet førte fram til boka «Mænd som ved hvad solidaritet er. Denne blei gitt ut av fabrikkarbeiderforeningen.

Sau og geit (1994-1998)
Dokumentasjon og gransking av sauehald, heiaføring og geitehald i Ryfylke og Nord-Rogaland. Finansiert av kommunar, sau- og geitavlslag, beite- og sankelag, organisasjonar og private bedrifter. Utført av Trygve Brandal og Njål Tjeltveit. Resultata frå arbeidet er publisert i bøkene «Saud og hei – Sauehald og heiaføring i Ryfylke og på Haugalandet» og «Geit og støl – Geitehald i Ryfylke og Nord-Rogaland».

Ryfylkeprodukt – frå ide til næring (1994-1996)
Samarbeid med foreininga Ryfylkeprodukt om gransking av tradisjonsgrunnlaget for utvikling av nye produkt frå Ryfylke. Frå Ryfylkemuseet blei dette sett på som eit framhald av det arbeidet som hadde starta med utstillinga «Made in Ryfylke» i 1989. Granskinga blei gjennomført av Rønnaug Foss Alsvik, Grete Holmboe og Gaute Berge Nilsen. Resultata blei publisert i ein sluttrapport, men denne er ikkje trykt.

Gull og grøne skogar (1994-1995)
Forskingsprosjekt finansiert av Norges Vassdrags og Energiverk, og gjennomført av Trine Marie Larsen. Utgangspunktet var å finne ut meir om korleis Suldal kommune hadde endra seg etter Ulla-Førre-utbygginga. Resultata frå arbeidet blei publisert i boka «Stev og støvsuging – ei gransking av kulturelle endringar i Suldal etter Ulla-Førre-utbygginga».

Blant silkebus og bønder (1985-1986)
Gransking av bygdekultur i ei anleggstid. Suldal kommune var vertskap for Noregs største kraftutbygging i perioden 1974-1986, og Ryfylkemuseet lukkast med å få ei løyving frå Olje- og energidepartementet til gransking av denne perioden. Resultata frå granskinga er publisert i bøkene «Blant silkebus og bønder – Ei studie av bygdekultur i ei anleggstid» og «Ulla-Førre – Norges største vasskraftprosjekt» (utselt).