Suldal

Kvitebjørnen

Eventyrleg barneutstilling
OPNINGSTIDER Sjekk Aktuelt for opningstider Kvitebjørnen opna igjen i februar 2021 nyoppussa og fin PRIS Vaksne kr 100, barn gratis (inngangsbillett gir tilgang til alle utstillingar på Nesasjøhuset) Gratis for medlemmer i Venneforeininga til Ryfylkemuseet KONTAKT Ryfylkemuseet Tlf (+47) 52 79 29 50,  post@ryfylkemuseet.no

UTSTILLINGA
Kvitebjørnen er ei utstilling retta mot barn, og er bygd på ei forteljing av den lokale forfattaren Rasmus Løland. I utstillinga møter publikum ei iscenesett eventyrverd der dei kan sjå og lytte, men og kle seg ut i flotte kostymer, ri på eit nashorn og gå inn i ulike eventyrroller.

Smakebit av utstillinga finn du her.

FORTELJINGA KVITEBJØRNEN
I eventyret følger vi gutane Pål, Gunnar, Kolbjørn og Andres som er mellom 9 til 12 år. Dei bur i ei bygd i Ryfylke, akkurat som forfattaren. Gjennom leik og fantasi utvikler dei reiskap som dei nyttar i møtet med vaksenverda.

Gutane byggjer ein kvitebjørn av snø, hòlar den ut og set seg inn. Så byrjar dei å fantasere om at bjørnen bevegar seg. Dei blir med på bjørnen si vandring mot Nordpolen og så sørover att mot Kongsgarden. På vegen passerer dei den eine borga etter den andre, ei i bronse, ei anna i sølv og til sist ei som blinkar i gull.

I alle borgene bur det troll som har teke kongen sine døtre til fange, men Kvitebjørnen reddar dei alle. Då han til slutt kjem fram til  Kongsgarden blir han lovprisa av kongen for å ha redda døtrene hans.

I utstillinga kan ein høyre eventyret eller setje seg i lesekroken for å lese Kvitebjørnen eller ein av dei andre barnebøkene vi har vald ut til utstillinga .

RASMUS LØLAND – EIN PIONER I NORSK BARNELITTERATUR
Rasmus Løland (1861-1907) var fødd på garden Løland ved Hylsfjorden i Ryfylke. Han hadde ein roleg oppvekst med stillfarande og djupt religiøse foreldre.
I 1891, 30 år gammal, fekk Løland gjeve ut den fyrste boka si, Folkeliv. Mange bøker følgde etter det. Han døydde av tuberkulose, bare 46 år gammal. Fleire biografiar over Løland har kome ut, mellom anna Rasmus Løland, Barnebokpioneren frå Ryfylke frå bygdebokskrivar Ernst Berge Drange.

Les kulturavisa Pirion 5/13 om korleis Kvitebjørnen blir formidla til barn: Ei ekte fantasiverd

BAKGRUNNEN FOR UTSTILLINGA

Frå 2007-2011 var Lølandmarkeringa – eit 4-årig prosjekt som markerte Rasmus Løland sin fødsel (1861) og død (1907) –  i gang. Som avslutning av prosjektet blei det utarbeidd ei utstilling av Løland si Kvitebjørnforteljing.
Målet var å lage ei interaktiv utstilling som stimulerer barn sin fantasi og undring. Ryfylkemuseet ønska med det å skape større interesse og engasjement for barnekultur og nynorsk litteratur for barn og ungdom. Utstillinga vart opna 27. april 2011 og kan besøkast på Ryfylkemuseet sitt hovudsete, Nesasjøhuset.

Rasmus Løland skreiv boka Kvitebjørnen i 1906. Boka inneheld fleire sjølvstendige forteljingar som kan lesast for seg sjølve. Ei av forteljingane er historia om Kvitebjørnen og dei fire gutane som òg er utgangspunktet for utstillinga.

Kvitebjørnen er eit framhald av Det store nashornet som kom i 1900 og er ein av dei første norske barnebøkene skrive ut i fra barn sin synsvinkel.

TILKOMST
Nesasjøhuset ligg flott til i Nordenden på strandstaden Sand.

Bli Medlem