LEDIGE STILLINGAR

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 18 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Formålet til Ryfylkemuseet er å vere ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar, og ein samfunnsaktør som bidrar til positiv bygdeutvikling. Museet har fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda.

Formidlingsavdelinga har tre (snart fire)  faste stillingar. Teamet består av ein avdelingsleiar/forskar, ein publikumsansvarleg, ein museumspedagog og no søker me ein resepsjonist/butikkmedarbeidar. I tillegg kjem eit varierande tal sommarvertar og andre midlertidig tilsette. Avdelinga har eit breitt arbeidsfelt med stor variasjon i kvardagen

Ledig stilling – Resepsjonist og butikkmedarbeidar

Vi søkjer nå etter ein dyktig og ansvarsfull person som kan ta imot besøkande, betene resepsjonen og butikken på Nesasjøhuset og hjelpe med publikumsarbeid, arrangement og anna verksemd. Stillinga er ei fast stilling i ca. 40 % (15 timar per veke). Stillinga er lagd til formidlingsavdelinga.

Resepsjonisten er vårt hyggelege ansikt utantil og den første som våre gjester møter når dei kjem til museet. Stillinga passar difor godt til ein utettervend, vaksen person med interesse for kultur og historie.

 

Stillinga byr på allsidige og kjekke arbeidsoppgåver som mellom anna omfattar følgjande:

  • Betening av skranke, herunder kasse og telefon
  • By på godt vertskap, skape aktivitet og nærvær for museets gjester
  • Informera om museets tilbod, anlegg og lokalhistorie
  • Stell og drift av museumsbutikken og nettbutikken
  • Kasseoppgjør, fakturering, sending av bestilte varer, m.m.
  • Ansvar for gjennomføring av aktivitetar for besøkande i t.d. skuleferiar
  • Bistand i gjennomføring av arrangement
  • Opplæring av sommarvertar

 

Vi søkjer deg som

  • har god kommunikasjonsevne og snakkar godt norsk og engelsk. Andre språk er ein fordel.
  • er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • liker å møta og som kan snakka med menneske i alle aldrar
  • ryddig og strukturert
  • er sjølvgåande og villig til å ta ansvar
  • har lyst å lese deg opp på historia til museet sine anlegg og lære meir om kulturarven vår
  • har førarkort
  • er over 18 år (for å kunne ta kasseoppgjer og liknande)

Det er òg ein fordel om du har erfaring frå butikk eller kontor.

 

Arbeidsstad er Nesasjøhuset på Sand. I sommarsesong, til arrangement og anna kan det og bli arbeid på dei andre anlegga vore. Noko reiseverksemd må difor påreknast.

Vanleg arbeidstid vil vere

  • Onsdag 12-15
  • Torsdag 12-18
  • Fredag 12-15
  • Laurdag 12-15

Det kan bli ekstra timar i høgsesong (sommar og førjulstida) eller rundt arrangement. Dagar eller periodar med kvelds- og helgearbeid må òg påreknast.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til publikumsansvarleg Elisabeth Figenschou elisabeth.figenschou@ryfylkemuseet.no eller avdelingsleiar Marie Bønløkke Missuno marie.bonlokke.missuno@ryfylkemuseet.no

Søknadsfrist: 22. november

Søknad vedlagt CV og kopier av evt. arbeidsattest skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no, eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand

Bli Medlem