Folk i Ryfylke 2021

Berekraft er tittelen på årboka til Ryfylkemuseet for 2021.

Seinhausten 2019 kunne ein lesa på tittelbladet til tidsskriftet Museumsnytt «Korleis kan musea redda verda?»

Årets Folk i Ryfylke har fått tittelen Berekraft. Det er eit ord som blir brukt ofte og i mange ulike betydningar. Så ofte og på så ulik vis faktisk, at ein kan gå lei av å høyre det. Det kan bety så mykje, men kan verke nokså meiningslaust.

Når vi tenkar berekraft på museet, så betyr det mykje forskjellig. Artiklane gir eit inntrykk av kor ulik ein kan snakke om berekraft. Det kan vere gjenbruk, bevaring, bevisstgjering og haldningsskapande arbeid, det kan handle om ting vi formidlar, ting vi tar vare på, eller ting vi gjer. Samtidig kan mykje av det museet gjer, bidra til samfunnet sin bereevne.

I Ryfylkemuseet meiner vi at berekraft betyr nettopp det overskrifta i dette forordet stillar spørsmål om – kan vi redde verda? Det vil seie: kan vi i Ryfylkemuseet bidra til at samfunnet vårt utviklar seg på ein måte som sikrar at verda er leveleg for oss også i framtida? Det svarar vi ja på.

Me håpar mange vil la seg inspirere og har glede av å lese.


Pris kr 400,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Berekraft – evna til å bere; Anna Ehrhardt


VØLT – om reparasjon og berekraft i fortid og notid; Arp Schmidt, Siri Maria Jensen og Marie Bønløkke Missuno


Klimaklokt – om klima og bgningsvern; Kirsten Hellerdal Fosstveit


Stay Relevant; Mads Drange


Klonarkivet i Viga; Arp Schmidt


Årsmelding 2020


Rekneskap 2020

 

 

Bli Medlem