Vel stad

Bergteken, Viser, stev og småstubbar frå Rogaland

Med verket Bergteken ønskjer vi å gjere deg betre kjend kva som finst av lokale tradisjonar innan musikk og dans i Rogaland og legge til rette for at stoffet kan takkast i bruk.

Bergteken, bind 1 er ei songbok som inneheld eit stort utval av viser og småstubbar frå heile fylket, med tilhøyrande bakgrunnsstoff. Med boka følgjer ein dobbelt-cd, der alle songane er med.

Bergteken, bind 2 er ei lærebok til bruk i faga musikk, dans og drama, og med utgangspunkt i lokalt tradisjonsstoff.

Det er første gongen det blir gitt ut eit slikt samla verk i Rogaland, og boka er eit resultat av mange års innsamlingsarbeid, forsking og gjennomarbeiding ved Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Verket Bergteken hentar namnet sitt frå ei av dei mange segnene om unge jenter eller gutar som blir lokka inn i berget av dei underjordiske – gjerne med vakker musikk.

Ruth Anne Moen er konservator ved Folkemusikkarkivet for Rogaland. Ho har hovudfag i musikkpedagogikk og mellomfag i dansevitenskap. Undervisningserfaring har ho frå både grunnskule og kulturskule med musikkbarnehage, og ho er dessutan folkedansinstruktør.


Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset. Bøkene kan også tingast ved å fylla ut skjema under.

Pris kr 300,- (frakt kjem i tillegg).

BESTILL BOK

☑ Eg tingar Bergteken, bind 1  Kr 300

(frakt kjem i tillegg)


Du får kvittering på bestillinga tilsendt på epost.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, alle skrevet av Ruth Anne Moen.


Innleiing


Barnesongar og andre småstubbar

  • Barnesullar, leikeviser og andre barnesongar
  • Støls- og gjetarliv
  • Småstubber i danserytme
  • Andre småstubbar

Stev

  • Gamlestev
  • Nystev
  • Slåttestev

Mellomalderballadar og andre viser

  • Mellomalderballadar
  • Andre viser
  • Aukeviser

Salmar


Lære-cd


Kjelder


Litteratur/Fonogram


Alfabetisk liste over songane


 

Bli Medlem