Vel stad

Jelsa, Gardar og folk

Jelsa, Gardar og folk I
Dette er det første av tre band med gards-, slekts- og personhistorie frå Jelsa. Det er ei bok om strandsitjarar, husmenn og storbønder, og det er i stor grad ei bok om utnytting av skogen i eit utprega skogområde, om store skogeigarar og om skogarbeidarar. Men Jelsabuen fiska mykje og gjennom tidene, både heime i fjordane og ute med havet i vintraildfiskjet.

Jelsa 1. er og ei bok om byfolk på landet, på stranden Jelsa, og ei bok om skrivande og lesande bønder. På stranden Jelsa, som har fått eit eige stort kapittel, budde det på de meste 175 mennesker i 40 hushald. Det var i 1825. det var snikkarar, tømmermenn, bøkkarar, smedar, skomakarar og skreddarar. Det var i periodar både gullsmed og hattemakar, og der var hekteskipperar og noteigarar med mannskap. I dag bur det berre 10-15 mennesker på den gamle strandstaden. Folk på Jelsa i nyare tid har busett seg oppi åsane, med utsikt.

Innhald
Jelsa – skipreide, sokn, prestgjeld og herad, Østrafjorden – eit bygdelag, Garden Landsnes, Garden Fuglstein, Øydegarden Åsland, Gardane Økstra og Romsbotn, Garden Lovraslåttå, Gardane Barkeland og Tveitaråna (med Nådland og plass Grønnvik)jå)), Garande, Jelse med Gjerde og Jelsa prestegard, Jelsa strandstad, Garden Brakvam


Pris kr 400,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bygdebøkene og andre bøker kan også tingast her.

Jelsa, Gardar og folk II
Dette er det andre av tre vand med gards -, slekts- og personhistorie frå Jelsa. Det er ei bok om strandsitjare, husmenn, vanlege bondefolk og storbønder. I tillegg til at det er ei bok om gardskrift gjennom tidene, er det og i stor grad ei bok om utnytting av skogen i utprega skogområde, og om fiskarar og bøkkarar. Dei fleste gardane låg til fjorden, men innlandsbygda Refsbygdå er og med.

 

Innhald
Høyvik-gardane med Ottoøynå, Folk i Ottøynå, Folk i Ytra-Høyvikjå, Jårvik-gardane, Åsarøy-gardane Øvrebø, Marvik – gard og centrum – med Hedlevikjå, Solland, Fjetland, Brattland, Finnaland, Li, Skimleim, Haug og Kleppa, Kallvikjå, Vatland, Kjøvik sagbruk, Kjølvik og Fryte, Alfabetisk liste over gardane i Jelsa-bøkene

 


 

Pris kr 400,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bygdebøkene og andre bøker kan også tingast her.

Jelsa, Gardar og folk III
Dett er det siste av tre band med gards-, slekts- og personhistorie frå Jelsa. Detter er ei bok om strandsitjarar, husmenn, vanlege bondefolk og storebønder. Det er ei bok om jordbruket gjennom hundreår, men og i stor grad om utnytting av skogen, fjorden og heiane, dei naturlege ressursane som låg i området.

Innhald
Mehus og Østhus i Bygdå, Tveita, Foldøy (Folløynå), Hebnes (Hibnes), Asvik (Asvikjå), Østabø, Døsja, Vormestrand, Helland (Helland) med Kråkenes, Rødne-gardane (Indre og Ytre), Rosseid, Finnvik, Tosteinbu (Torsteinbø), Ersdalen, ,Anvik ( Anvikjå), Drengsti(g)

 


 

Pris kr 400,- (frakt kjem i tillegg).
Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bygdebøkene og andre bøker kan også tingast her.

Bli Medlem