FOLKEMUSIKKARKIVET FOR ROGALAND

OM ARKIVET
Folkemusikkarkivet for Rogaland har innsamling, katalogisering og formidling av folkemusikk og folkedans som arbeidsfelt. Arkivet er organisert som ei avdeling ved Ryfylkemuseet, men har heile Rogaland som arbeidsområde. Folkemusikkarkivet vart offisielt oppretta i 1992 med ei deltidsstilling, og har sidan 1996 hatt ei heil stilling.

I dag inneheld folkemusikkarkivet ei stor samling lydopptak med tradisjonsmusikk frå heile Rogaland. Samlinga inneheld om lag 500 einingar samansett av lydopptak på spoleband, analoge kassettar, dat-kassettar, minidisk og videoopptak på VHS og DV. Alt lydmateriale er digitalisert og slik sikra og tilgjengeleggjort. I tillegg finst det videopptak, notar, foto og faglitteratur om folkemusikk. Me har også ei større notesamling, ei tekstsamling, nokre handskrivne visebøker og mykje bakgrunnsstoff i form av intervju, eldre avisartiklar, brev, nedteikningar m.m. Her finst stoff frå alle kommunane i Rogaland, det eldste lydopptaket er frå 1948.

Arkivet er ope for besøk etter avtale, og under rettleiing frå arkivarane våre kan ein lytta seg gjennom nesten 70 år med opptak.

Kontakt oss her

KVA KAN EIN FINNA I ARKIVET
Folkemusikkarkivet dokumenterer lokal musikk og dans som har levd i ein munnleg tradisjon. Noko kan ha vore i ein slik tradisjonsstraum i fleire hundre år, anna kan ha kome til i seinare tid. Slik inneheld arkivet både stoff med røter tilbake til mellomalderen og nyare stoff som er dikta eller komponert på 1900-talet. Her er altså eit stort mangfald. Materialet i arkivet ligg der for at det skal vera mogleg for alle å ta det i bruk igjen. Kom på besøk og lytt! Me kopierer ut opptak der det er gitt løyve til det, og det er det gjort i dei fleste tilfella.

Dansen
Takka vera opptak og intervju frå 1970-åra og einskilddansarar som har lært direkte frå dei gamle, er den gamle springardansen frå Suldal i dag framleis i bruk. Rogaland er her ei viktig brikke i det store mangfaldet av eldre pardanstradisjonar som eksisterer i Norge. Me har også opptak av runddans og songleik frå fleire stader i fylket, og ein god del intervju som inneheld opplysningar om dansetradisjonar. I tillegg er det gjort nedteikningar av ulike dansar frå fleire stader i Rogaland.

Vokalmusikken
Me har opptak med nesten alle sjangrar innan den tradisjonelle vokalmusikken, og eit særleg stort og interessant innhald av religiøse folketonar. Elles dominerer barnesongane. Ein finn òg gamlestev, nystev, slåttestev, mellomalderballadar, slåttetralling, sjanti og viser – både skjemteviser, kjærleiksviser, sjømannsviser, rallarviser og andelege viser. Heile fylket er representert.

Instrumentalmusikken
I Rogaland er hardingfelemusikken dominerande. Det er eldre springarar og hallingar, brureslåttar og nyare runddansmusikk som vals, reinlender, polka og masurka. Typisk for store deler av dette stoffet er ein særeigen, eldre tonalitet. Det finst ein god del opptak med spelemenn særleg frå Bjerkreim og Suldal, men også noko frå andre område. Det finst òg opptak med durspel (toradar), trekkspel, munnspel og trommestikker i arkivet.

Bli Medlem