Send inn di historie frå årets 17.mai

Send inn di historie frå årets 17.mai

Send inn di historie frå årets 17.mai

Kvart år i over 100 år har 17-mai-toga gått i Ryfylke, med få unntak. Barnetog og folketog har trossa regn og snøvêr. Om bygda har mangla korps, har dei greidd å samle saman til 17.mai eller leigd inn. 17.mai er også eit samlande arrangement med mange menneske i sving. I år blir det annleis. Det å halde på tradisjonar betyr ekstra mykje for folk  – spesielt i krisesituasjonar. Når det ikkje blir 17.mai-feiring slik vi har tradisjon for i år på grunn av koronaepedemien, framhevar det endå tydlegare at me er i ein rar unntakstilstand.

Den 17.-mai feiringa vi har framføre oss nå, er historisk. Kulturhistorikarar og museum sit klare for å dokumentera alt som skjer. Ryfylkemuseet vil med dette oppfordra alle innbyggjarane i Ryfylke til å vera med på ein nasjonal dokumentasjonskampanje. Ideen med kampanjen er å invitera folk til å fortelja om sin 17. mai – korleis dagen vanlegvis har vore og korleis den har arta seg i dette uvanlege året. Saman kan vi skapa eit tidsbilete av stor verdi i dag og for framtida.

Feiringa av 17. mai er ulik frå stad til stad og person til person. Utan bidrag frå heile landet, er det ikkje mogleg å famna den rike floraen av 17. mai-tradisjonar. 17.mai er heile landet sin dag, og det vil vera eit tap om delar av landet og befolkninga ikkje er med.

Ryfylkemuseet vil med dette be om hjelp til å dokumentere 17.mai i Ryfylke:

  • Kva pleier du å gjere på 17. mai? 
  • Kva gjorde du 17. mai 2020? 
  • Send gjerne inn gamle og nye 17. mai-bilde! 

Innsamlinga går føre seg via denne sida:

https://minner.no/tema/17mai2020

Med ønskje om ein fin 17.mai til alle ryfylkingar.

Helsing frå Anna Ehrhardt/museumsdirektøren

Foto: frå ca 1945-60, Eigar: Astrid Rørvik. Digitalt Museum

 

Bli Medlem