Lærling i tømrarfaget

alf daniel grovAlf Daniel Grov (19) har starta hos oss som lærling i tømrarfaget.

Tilbodet om lærlingplass skjer i samarbeid med KV-bygg Suldal AS. På den måten får lærlingen praksis både frå tadisjonshandverk og moderne bygging. Alf Daniel skal vera hos oss fram til sommaren, for det meste i Viga.

Inntak av lærlingar er ein del av programmet vårt for å vidareføre tradisjonskunnskap. Vi meiner og at dei som er innom oss får eit breiare grunnlag og blir meir attraktive på arbeidsmarknaden.

   

Ledig stilling som museumsformidlar

rff2011-038-004Ryfylkemuseet har ledig stilling for formidlar. Stillinga er tillagt funksjon som gruppeleiar for formidlarane ved museet.

Stillinga vil vera knytt til Avdeling for formidling og samlingar, der det under ein avdelingsleiar arbeider ein formidlar med særleg ansvar for barn og unge, ein formidlar (deltid) med særleg ansvar for reiseliv og sesongdrift, ein arkivar og to som deler ei stilling ved folkemusikkarkivet.

Stillinga byr på allsidige og utfordrande arbeidsoppgåver som omfattar både førstelinjeteneste, ansvar for dagleg drift av formidlingsverksemda ved museet og utvikling og produksjon av nye tilbod. Viktige arbeidsområde vil vera vitalisering av avdelingane, utvikling av tilbodet til barn og unge og utvikling av det digitale tilbodet frå museet. 

Les meir: Ledig stilling som museumsformidlar

   

Fugl Føniks på Kvitsøy

hummarmuseet280312Gjenreisinga av Kvitsøy Hummermuseum er i rute.

Det var natta til 22. mai i fjor at hummrmuseet på Kvitsøy brann.  Nå er bygningen gjenreist, men innreinngsarbeid og oppføring av nytt mellombygg med trapp og heis og toalett gjentår. Vi er i full gng med rekonstruksjon av utstillingane og planlegg nyopning utpå hausten. Bildet viser korleis det såg ut rett før påske.

   

Stor innsats i Viga

viga110412Nå går det føre seg i Viga. Seks mann har gått laus på løa og er i gang med ei av dei største oppgåvene vi har tatt i ferde med.

Det er på tredje året vi arbeider med restaurering av husa i Viga. Det siste store prosjektet er restaurering av løa. Vi ønskjer å bruke løa aktivt i formidlinga, men ho er i så dårleg stand at vi har funne det tryggast å halde ho stengt dei siste åra. Den store utfordringa er det tunge helletaket. Det blir nå plukka ned, før restaureringa av stavkonstruksjonen kan starte. Målet er å ha taket oppe att før det blir ein ny vinter.

Dei som er med på jobben (bildet): Ingebrikt Edland, Ole Kristian Hatlen (innleigd kranførar frå Byggmeister Haakon Kvestad AS, Nå i Hardanger), Arnfinn Olsen, Kjell Gunnar Haraldseid, Kjell Johnsen og Sven Hoftun.

   

Fleire bilde på Digitalt Museum

028Nå er det meir stoff frå Ryfylkemuseet på Digitalt Museum.

Det nye er at vi har lagt ut gjenstandssamlingr frå Kolbeinstveit og Hustveit. Dømet (bildet) er frå Kolbeinstveit.  Det er ei ostekolle med årstalet 1818 skrive på.  Til saman ligg det nå ute vel 6000 postar frå Ryfylkemuseet på Digitalt Museum, om lag halvparten gjenstandar og den andre halvparten foto.

   

Lyst på spennande og utfordrande sommarjobb?

jelsa_skulemuseetRyfylkemuseet har ledig sommarjobb som ambulerande vert frå midten av juli til midten av august. Jobben inneber omvising på  museumsanlegg på følgjande stader: Kolbeinstveit, Røynevarden , Håland og Jelsa  i Suldal, Vigatunet på Hjelmeland og Hustveit i Sauda.

Det er omvising på kvart anlegg ein dag i veka. Opplæring vil bli gitt, og museet stiller bil til disposisjon.

Les meir: Lyst på spennande og utfordrande sommarjobb?

   

God museumspåske!

haneI skrivande stund er sola i ferd med å trengja gjennom skylaget, og det er nok mange som gler seg til påskeferie med skiturar innover kvite vidder med Kvikk-lunsj og appelsin i sekken. Andre føler kanskje meir for å nyta våren, og då er Løland kafé den perfekte staden. Utemøblane har kome på plass, så her kan du nyta vaffel og kaffi i sjøkanten, og finna roen med utsikt til snødekte fjell, svaner på svømmetur og påskebåtar på veg inn fjorden.

Les meir: God museumspåske!

   

Store oppgåver på Brødrene

rff2012-019-013I 1999 var hovudrestaureringa av "Brødrene af Sand" ferdig. Det er snart 13 år sidan. Etter kvart som åra går aukar vedlikehaldsoppgåvene på jekta. 

Fleire dekksplankar må nå skiftast, bommen må skiftast, masta er dårleg og det er andre ting. Venneforeining har greidd det meste på dugnad så langt, men nå må det sterkare innsats til, og vi får bruk for alt vi kan om materialkvalitetar, tradisjonshandverk og litt til. Bildet viser Sven Hoftun i arbeid med spunsing og skifting av dekksplankar.

   

Optimisme i Sauda

2004 004 021Etter mange års drøftingar ser det ut til at Stasjon III er berga. På eit møte i Sauda 1. mars blei det bestemt at det skal arbeidast for å etablere Sauda Lokalarkiv i stasjonen.

Søndenåhavn kraftstasjon, Stasjon III i Sauda, har lenge stått på lista over verneverdige kraftstasjonar.  Nå ser det ut til at stasjonen er i ferd med å få eit varig vern og vi kan vera eit steg nærmare å gjera stasjonen til eit nav i formidlinga av industristadhistoria. I første omgang vil det bli greidd ut om det er muleg å etablere lokale for Sauda Lokalarkiv i stasjonen.  Ryfylkemuseet er med i styret for Sauda Lokalarkiv og har tatt på seg å arbeide med ei finansiering av vidare ordning av arkivet. Lokalarkivet innheld bedriftsarkiva til smelteverket og kraftselskapet, arkivet til fagforeininga og ei rekke lokalarkiv elles. Det var Ryfylkemuseet som gjennomførte den første ordninga av arkivet, men det er over 20 år sidan nå.

   

Attval i venneforeininga

rff2010-104-001Venneforeininga til Ryfylkemuseet arrangerte årsmøte på Sand 28. februar. Resultatet av valet blei attval over heile fjøla.

Jorunn Strand Vestbø, Finnøy, blei attvald som leiar og Einar Berge, Strand, som styremedlem. Kristoffer Nødland, Sauda, var ikkje på val. Også varafolka Solveig Sande, Kvitsøy og Trygve Brandal, Hjelmeland, blei attvalde. Til museumsstyret blei Kristoffer Nødland attvald for to nye år.  Varamedlem er Lars Olav Fatland, Sauda. Terjer Hidle, Finnøy, med varamedlem Audun Rake, Strand, var ikkje på val. På bildet: Det attvalde styret med Einar Berge til venstre, Kristoffer Nødland til høgre.

   

Side 1 av 3