RYFYLKEDAGANE 2016

RYFYLKEDAGANE 2016

07. juni 2016

Fantastisk konsert med Sharon Shannon og Alan Connor på heilt utruleg flotte Ryfylkedagar! Tusen takk alle samarbeidspartnarar både profesjonelle og frivillige som gjorde dette mogleg. Dette var stort å få vera med på.

Her er ein video som Suldalsposten har laga frå kvelden.

 

UTSTILLINGAR PÅ NETT

UTSTILLINGAR PÅ NETT

25. april 2016

«Kraft og mangan. Foto frå kraft- og industriutbygginga i Sauda» heiter ei nettutstilling som Ryfylkemuseet har publisert i dag. Utstillinga ligg på nettsida til Fotonettverk Rogaland, sjå her. Der ligg også ei anna nettutstilling vi har laga, om fotosamlinga etter Alice Archer, sjå her, saman med andre nettutstillingar frå museum i Rogaland og anna interessant fotohistorisk stoff.

MOSTERØY BYGDEMUSEUM PÅ NETT

MOSTERØY BYGDEMUSEUM PÅ NETT

13. april. 2016

Mosterøy bygdemuseum si samling på 350 gjenstandar vart for eit par år sidan flytta frå dårlege lokale på loftet på gamle Mosterøy skule til Ryfylkemuseet sitt klimastyrte magasin på Åmøy. No har gjenstandane vorte skikkeleg katalogiserte og fotograferte i eit samarbeid mellom museet sine folk og folk frå Samlingsteam Rogaland. Skjemaopplysningar og foto av gjenstandane kan om ikkje lenge finnast på nettstaden Digitalt Museum. Det var Olav Sunnanå som stod i spissen for innsamlinga av gjenstandar i gamle Mosterøy kommune. Det skjedde i sommarferiar i løpet av 1950-åra. Dei innsamla gjenstandane vart først plasserte i eit stabbur på Dysjaland, på garden til Lars Ramndal. Ein gong på 1980-talet vart dei flytte til skulehuset, og i 2014 vart dei sette inn på Åmøy. Der er dei lite tilgjengelege for folk, men publikum kan få gode opplysningar om dei via internett.

FEIRA BYGDA DANSAR – OPPSTART

FEIRA BYGDA DANSAR – OPPSTART

5. april 2016

Laurdag 2. april feira Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, oppstarten av Bygda dansar Rogaland til hausten ved å invitera til konsert, mat og dansefest på Folkets hus i Sandnes.

Publikum fekk høyra Vidar Skrede på gitar i samspel med ei rekkje andre Rogalandsmusikarar slik som Siri Dyvik (hardingfele), Håvard Ims (toradar) og Mark Laurenson (fele). Tove Solheim (hardingfele) spelte for oss, og me fekk sjå utdrag av ei høgaktuell skuleførestilling der streetdansar Sergei Medvedkov møter hallingdansar Ulf Arne Johannessen. Mathilde Øverland frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans informerte om det komande Bygda dansar-prosjektet, og Åshild Vetrhus og Tove Solheim frå Ryfylkemuseet leia dei frammøtte gjennom kvelden med mellom anna ved små historiar om dans henta frå arkivet.

Det er no lyst ut totalt 150 % stilling knytt til Bygda dansar Rogaland, to dansefaglege stillingar på 50%, og ei administrativ, fast stilling i 100% der 50 % av denne er knytt til arbeidet med prosjekt i Rogaland.

Bygda dansar er eit nasjonalt folkedansprosjekt for ungdom mellom 15 – 19 år. Prosjektet vert gjennomført fylkesvis i samarbeid med lokale aktørar.

Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, har søkt om og fått prosjektet til Rogaland. Det vil gi dansefaglege stillingar på til saman 150 % i prosjektperioden, med oppstart i haust.

Prosjektet går over tre år og er finansiert av Kulturdepartementet og Rogaland fylkeskommune med totalt 3,45 millionar. Norsk senter for folkemusikk og folkedans eig og driv det.

Bygda dansar ønskjer å styrkje folkedans som kulturarv, kunstnarleg uttrykk og samværsform og knyta den lokale folkemusikken sterkare til dansen. Det er eit mål å stimulera til dans som sosial aktivitet og næring i regionen.

For meir informasjon sjå www.bygdadansar.no

Den lokale dansetradisjonen i Rogaland vil få eit ekstra fokus gjennom prosjektet. Prosjektet appellerer til ungdom med interesse både for det sosiale og det sceniske. Gjennom Bygda dansar blir ungdomane rettleia av profesjonelle instruktørar og utøvarar innan folkedans og formidling. Fleire som har vore med i tidlegare Bygda dansar-prosjekt som i dag lever som profesjonelle folkedansarar. Rogaland er det tiande fylket som får Bygda dansar- prosjektet.

TRADISJONSHANDVERK – TEMA SPONTAK

TRADISJONSHANDVERK – TEMA SPONTAK

4. april 2016

To av handverkarane våre er bachelorstudentar i tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern ved NTNU. Denne veka er dei på Stiklestad og arbeider med spontak. Prosessen starta med å felle gran, før grana vart kappa i kubbar, kløyvt, kokt og stukke til spon. Til slutt er sponen spikra på taket. Du kan følge studiet sin blogg her.

Bli Medlem