Industriarbeidarmuseet – Sauda

Industriarbeidermuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebustad. Desse bustadane låg nærast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken. I Industriarbeidarmuseet i dag finn ein to autentisk innreidde leilegheiter. Ein viser korleis arbeidarar budde på 1920-talet, og den andre leiglegheiten har innreiing frå 1960-talet

I 2019 opna me den nye utstillinga «Under røyken – om livet i Åbøbyen»

Utstillinga fortel om korleis livet var for industriarbeidarar som jobba på fabrikken, korleis det var å vera husmor på denne tida, og korleis det var å veksa opp i her. Ì utstillinga kan ein og læra meir om fabrikken og om Åbøbyen
Bli Medlem