HUS OG BYGNINGAR

Hus blei bygd på ulik måte og såg ulike ut alt etter kva tid dei blei bygd. Korleis husa såg ut, hadde og med kva som var på moten og korleis store og flotte hus blei bygd ute i verda. Dei ulike tidene som har ein spesiell stil for husbygging (arkitektur), har fått eigne namn. Stilen for husbygging og for korleis møblar såg ut, heng ofte saman.

 

Mellomalderen – Romansk og gotisk stil (1100 – 1500)
Sørbø kyrkje og Utstein kloster er frå denne tida. Romansk stil har dører og vindauge som har runde boger øvst. Gotisk stil har boger med ein liten spiss øvst.

 

Renessansen (1500 – 1700)
Gamle tempel i Hellas var førebilete for denne perioden. Mange hus frå denne tida har søyler som liknar på søyler frå Hellas. Det er ikkje så mange gamle hus bygd i slik stil i Noreg. Det kjem av at det ikkje blei bygd så mange hus på den tida, og at det var vanskeleg å bruke tre til å lage utskjeringane som skulle til.
Nytt i Noreg på denne tida var at dei tok til å bygge peis og pipe i husa, i staden for grue der røyken for ut gjennom eit hol i taket (ljore). Det var og nytt med at vindauga fekk glas med bly rundt.

 

Barokk (1650 – 1760)
Denne stilen kom frå Italia på 1600-talet. Både hus og møblar skulle ha mykje pynt. Glasa i vindauga blei delt opp i små ruter med tre rundt. Den delen av Utstein kloster som er til å bu i, ser ut akkurat slik det gjorde i år 1750.

Rokokko og Louis-seize (1760 – 1810)
Denne stilen kom frå Frankrike. På nytt skulle det vere dei greske templa som var inspirasjon for stilen på husa. Pastellfargar, raudt og gull var vanlege fargar i rokokkostilen. Vindauga hadde to rammer, der kvar ramme var delt inn i to i breidda og to til fem i høgda, altså kanskje ti små glas i kvar ramme. Huset på Dalåker har slike vindauge. Bildet er frå 1897, men huset er bygd føør det. Det er eit hus som er typisk for korleis bustadhus såg ut i Ryfylke i byrjinga av 1800-talet.

Empire (1800 – 1850)
Hus som er bygd i empire-stil finst det mange av i Ryfylke. Desse husa er symmetriske. Dei har glas delt i to rammer som igjen er delt i tre glas, dvs seks små glas til saman. Taket på huset stikk ikkje særleg langt ut. Nokre hus har ark, det vil seia eit rom på loftet med eige tak der det er eit vindauge som «stikk ut». Ein kan også finne søyler, slik som dei greske templa hadde. Eit empire-hus har kvit farge.

Seinempire: Biedermeyer (1835 – 1870)
På desse husa stikk taket lenger ut. Gardshuset på Dysjaland er eit hus med litt av denne stilen. Biletet er tatt i 1904.

Sveitsarstil, Historismen (1860 – 1920)
I denne stilen var det viktig at huset skulle ha fin natur rundt seg. Namnet har stilen fått fordi han henta inspirasjon frå Sveits. Denne stilen var vanleg i Ryfylke og på Rennesøy. I denne stilen stikk taket ut over veggene. Det er fin «pynt», med utskjeringar til dømes på lister. Slik pynt blir og kalla «snikkargleder» fordi det var kjekt og spennande for snekkaren å lage.

Jugend (1905 – 1930)
Husa fekk no ein eigen stil, med fine linjer og mønster. Jordfargar blei brukt, og vindauga blei delte opp på ulike vis.

Nyklassisismen og det nye Noreg (1905 – 1930)
Denne stilarten var påverka av det nasjonale, det norske. Vidauga var smårutete, gjerne med glas i ulike former. Huset på Hommervodl har glas som er typiske for denne perioden.

Funksjonalisme (1925 – 1940)
Nye byggematerialar og teknikkar gjorde at husa såg heilt annleis ut. Firma laga ferdighus som var lette å setje opp, og desse husa blei sette opp over heile landet. Dermed forsvann dei spesielle måtane ein hadde bygd hus på rundt om i landet. I denne stilen er vindauga gjerne plassert ut i kanten mot hushjørna. Det er ingen dekor eller pynt. Våningshuset på Bergtun er eit typisk «funkishus». Denne stilen har på nytt blitt veldig populær, bare ta ein kikk i avisene, så ser du mykje reklame for nye funkishus.

Historismen, sveitsarstilen og dragestilen
Både i musikk, bøker og kunst kan ein sjå at folk på slutten av 1800 – talet leita etter det norske, det ekte, til naturen. Det var viktig å samle familien til samtalar i koselege rom. Ein henta også inspirasjon frå vikingetida.
Stova blir og kalla for bua eller bestestova. Her skulle det vere eit rundt bord med duk midt i. Over eller på bordet var ei oljelampe, og rundt bordet var stolar. Langs veggen stod gjerne ein sofa, og i hjørna ein kommode. Det skulle vere mange blomar i glasa, gjerne små palmer. Det kunne og vere småbord eller pidestallar med blomar. Ein pidestall er ein slags høg, smal krakk. Møbla hadde plysj-trekk, og i vindauga hang blondegardiner. Bestastova på Finnasand er typisk frå denne tida rundt år 1900.

Rosemåling i Ryfylke
Rosemåling var særleg vanleg på slutten av 1700 – talet og utover på 1800 – talet. Lars Aslakson Tragethon, ein mann frå Hallingdal, var ein flink rosemålar som reiste rundt i Ryfylke og måla kister, skrin og andre ting. Han måla den flotte Lølandsbua i Hylsfjorden i Suldal i 1798. Han lærte mange frå Ryfylke å male rosemåling. Det er litt skilnad på rosemåling frå Telemark og Ryfylke. I utstillinga finst ei flatbrødkorg og eit lite skrin som er rosemåla i Ryfylke-stil.

 

Viksdalsmåling
I Viksdalen i Sogn måla dei korger, skrin og øskjer i ein eigen stil. Desse tinga blei selde langs heile norskekysten. I utstillinga er ei flott tine som er måla i denne stilen.

Bli Medlem