MUSEUMSVERT/TILKALLINGSVERT SOMMARSESONGEN

Ryfylkemuseet har ledig stilling som museumsvert/tilkallingsvert i skuleferiar og helger og ved behov. Museumsverten er vårt hyggelege ansikt utad og den personen som gjestene i museet møter først.

I Nesasjøhuset finn ein utstillingar, museumsbutikk og kafé. Arbeidstida er vanlegvis i skulens feriar og ei helgevakt i månaden.

Stillinga passer for ein vaksen eller ein moden skuleelev.

Stillinga byr på allsidige og kjekke arbeidsoppgåver som mellom anna omfattar følgjande:

  • Ta imot besøkande på Nesasjøhuset
  • Informera om museets tilbod
  • Svara på telefonen
  • Betjening av kunder og utføra forefallande arbeid i museumsbutikken samt kaféen
  • Dagleg drift

Jobben passar for deg som:

  • trivst i sjølvstendig arbeid, men som òg samarbeider godt med andre
  • liker å møta og som kan snakka med menneske i alle aldrar
  • er ansvarsmedviten og som liker å gi <<det lille ekstra>>
  • har god kommunikasjonsevne og som snakkar godt norsk og engelsk eller tysk/fransk
  • er positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt og som bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • har god kunnskap om nærmiljøet spesielt og Suldal generelt

Me kan tilby:

  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske kollegaer
  • ein variert arbeidskvardag med både rolege og hektiske fasar
  • lønn etter tariff

Spørsmål om stillinga kan rettast til Elisabeth Figenschou (formidlingsavdelinga) tlf. 52 79 29 50 / mob. 466 80 832.

Søknad vedlagt CV skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no, eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand. Søknadsfrist 29. mars

Bli Medlem