Folk i Ryfylke 2023

Ryfylkehumoren er tittelen på årboka til Ryfylkemuseet for 2023

I år har me hatt redaksjonell hjelp av Hjørdis Halleland Mikalsen og Leif Arild Steen, den eine journalist, den andre humorist. Begge frå Finnøy.

Allereie i forordet deira kjem Ryfylkehumoren til sin rett, dei er på veg til Sand og har oversett ei vegsperring og blir bryskt stoppa av ein vegarbeidar:

Leif Arild stotrar.

– Me visste ikkje at det var vegarbeid her …, seier han spakt.

Men her er ingen formildande omstende.

– Det står eit ganske så tydeleg skilt lenger oppi vegen der. Såg du ikkje det?!
– Jo, men …, altså …

Og det er då det skjer. Leif Arild gjer eit grep som snur heile samtalen.

– Det er berre å beklaga, altså. Men du veit, seier han og nikkar i mi retning.
– Me kjem frå Finnøy. Og der er me litt sånn …

Han lagar sirklar med peikefingeren like ved tinningen medan det glimtar skøyaraktig i augnekroken. Det skjer noko med andletet til vegarbeidaren. Det irriterte uttrykket sprekk opp i eit stort smil.

– Å ja, då så. De kjem frå Finnøy. Det forklarar saka!

Isen er broten. Våpena er lagde ned.

Resten av historia finn du i Årboka 2023

____________________________________________________________________________________________

I Årboka 2023 fortsett me med «magasinkjensla» og håpar du vil lika den.


Pris kr 250,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan og tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


  • Ryfylkekart
  • Innhald
  • Forord ved Ryfylkemuseet
  • Redaktørar heilt på tur på tur
  • Slik det heile starta, teikneseriestripe av Karen Hiim Benninghoff
  • Ryfylkehumoren for dummies
  • Ei historie om hår og humor
  • Om helse og humor: Livet blir aldri så svart at det ikkje er rom for humor. Portrett av Eivind Vestbø og Aslak Bråtveit
  • Skattar frå arkivet
  • Enquete
  • Refleksjonar kring humor og humør av Arne Nordbø
  • Aggregat på sjølvstyr av Arne Nordbø
  • Unge røyster frå Ryfylke. Eit intervju med Finnøypodden
  • Humorarkeologane: Høyr Ryfylkemuseets podkast om ryfylkehumoren (reklame)
  • Ei hyllest til ryfylkekvinna
  • Ei ryfylkekvinne fortel si historie: Humor er terapi
  • Audun Skanke: Oppvokst på bergsugge og helvetesangst
  • Humor i generasjonar: Eplet fell ikkje langt frå stammen. Portrett av far og dotter frå Helgøy
  • Sluttord

 

 

Bli Medlem