Sommarvertar Kolbeinstveit

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 18 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Sommarvertane er underlagt Formidlingsavdelinga på Ryfylkemuseet

Ledig stilling som sommarvert på Kolbeinstveit

Kolbeinstveit er eit bygdetun i Suldal kommune underlagt Ryfylkemuseet. Som vert på Kolbeinstveit vil du ta besøkande 150 år tilbake i tid til ein levande museumsgard med dyr. Du vil gjennomføra omvisingar, servere tradisjonsmat og lære vekk tradisjonshandverk. Ryfylkemuseet arrangerer aktivitets- og marknadsdagar. Me har ope kvar dag frå 23. juni til 14. august

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Du vil gjennomføra omvisingar
  • Servere tradisjonsmat
  • Lære vekk tradisjonshandverk
  • Mate og stelle dyra (høner og evt kopplam)
  • Halde hus og tun ryddig og reint

Vi søkjer deg som 

  • har førarkort klasse B
  • kan snakke flytande engelsk og norsk (gjerne fleire språk)
  • er ansvarsfull og serviceorientert
  • er sjølvgåande og kreativ
  • ryddig og nøyaktig
  • omgjengeleg

Det er ein fordel om du

  • kan jobba heile sesongen
  • kan eitt eller fleire tradisjonshandverk

Vi kan tilby

  • lønn etter avtale
  • eigen hybel på Kolbeinstveit der vertane bur og søv
  • eit minne for livet

Spørsmål om stillingane kan rettast til publikumskoordinator, Elisabeth Figenschou
+47 52 79 29 50 / +47 466 80 832 elisabeth.figenschou@ryfylkemuseet.no

Søknadsfrist 19. april 2024

Søknad med CV og kopiar av vitnemål skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 SAND

Bli Medlem