Vel stad

Rennesøy
RFF2013-086-011

Bakken

Husmannsplass

 

OPNINGSTIDER

Omvisning for grupper på førespurnad

 

PRIS

Grupper: Kr 150 per pers (minstepris kr 1500, samt 850,- pr påbegynte time)

 

KONTAKT

Bakken
Østhusveien 88, 4150 Rennesøy

Ryfylkemuseet
Tlf (+47) 52 79 29 50, post@ryfylkemuseet.no

HISTORIE
Bakken var ein husmannsplass under Dalakergarden på Rennesøy og representerer dei mange husmannsplassane med stove og løe under same tak som det er få att av i Rogaland. Stovedelen er lafta og løa er bygd med stavkonstruksjon.

Husmannsplassen er liten og det var ikkje mykje å leve av her. Det var mogleg å fø ei ku og nokre sauer. Ein potetåker og ein liten kornåker var det også her på garden. I jordkjellaren nede i bakken heldt potetene seg godt lenge.

BYGGEMÅTEN
Rennesøy er velsigna med god byggestein, ein skiferaktig fyllitt, og her finst ein særeigen byggemåte, der steinen vert lagt med fall ut frå veggen, og stavleggjer som blir lagt på inste delen av muren, slik at taket sluttar godt innpå muren. Løa på Bakken er eit godt eksempel på denne byggemåten.

TILKOMST
Bakken ligg like ved vegen mellom Vikevåg og Østhusvik.
Ta av E 39 etter Mastrafjordtunnelen. Følg vegen opp over bakken ca 900 meter. Der ligg Bakken på venstre hand. Du kan parkere i vegskuldra.

Bli Medlem