VENNEFOREININGA TIL MUSEET

Ryfylkemuseet er eit museum som blei danna gjennom omgjering av det tidlegare Rogaland Folkemuseum til regionmuseum for Ryfylke. Dette skjedde i 1980 og med verknad frå 1. januar 1981. Da var museet organisert som ei foreining, og alle styremedlemmane blei valde av årsmøtet.

I 1994 blei museet omgjort frå medlemsforeining til stifting. Ein viktig bakgrunn for dette var å komma i nærmare kontakt med kommunane gjennom å gi dei plass i styret.

I 2005 blei det gjennomført endringar i Lov om stiftingar. Stiftingar kunne ikkje lenger ha medlemmar, og vennene til Ryfylkemuseet måtte organiserast på ein annan måte enn gjennom direkte medlemsskap i museet. På denne bakgrunnen blei Venneforeininga til Ryfylkemuseet skipa 27. mars 2007.

Venneforeininga har til formål å ”vera til hjelp og støtte for arbeidet ved museet, og skal, i samarbeid med styret for museet, arbeide for å fremje formålet til museet”.

BLI MEDLEM
Alle kan bli medlem av venneforeininga. Meld deg inn her. Medlemmene har fri tilgang til museet i dei ordinære opningstidene. I tillegg får ein årboka ”Folk i Ryfylke”. På årsmøtet blir det vald eit styre for venneforeininga. Årsmøtet vel og to representantar til museumsstyret.

Etter årsmøtet 2024 sit desse i styret for venneforeininga og er vald til 2025:

  • Einar Schibevaag, Stavanger, leiar
  • Kristoffer Nødland, Sauda, styremedlem
  • Anne Bratthammer, Strand, styremedlem

Varamedlemmer:

  • Torfinn Opheim, Sauda
  • Anfrid Halsne, Suldal

VENNEFOREININGA TIL BRØDRENE AF SAND

Venneforeininga til ”Brødrene af Sand” blei skipa som ei støtteforeining då spørsmålet om heimkjøp av jekta kom opp i 1996. Jekta blei kjøpt av Ryfylkemuseet i 1997, og venneforeininga tok ansvar for føring av jekta frå Nesodden i Oslofjorden til Sand og så vidare til Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund. Venneforeininga engasjerte seg også sterkt i arbeidet med å få fram høvelege materialar til restaureringa, og var aktivt med under oppfølginga av restaureringsarbeida.

Fartøyet var ferdig restaurert i 1999. Venneforeininga har sidan dette tatt hovudansvaret for drift og vedlikehald og har lagt ned eit uvanleg stort dugnadsarbeid for museet. Det blir regelmessig arrangert kontaktmøte mellom styret i venneforeininga og Ryfylkemuseet.  Før seglingssesongen er det kvart år ein gjennomgang av internkontrollen for skipparar og mannskap. Det blir lagt stor vekt på at segling med fartøyet skal skje innafor sikre rammer.

Venneforeininga har facebookgruppe.

FOREININGA SULDALSDAMPEN

Foreininga Suldalsdampen har tatt vare på M/S Suldal like sidan han gikk ut av drift i 1979. Etter at museet overtok ansvaret for båten i 2014 er foreininga omgjort til ei venneforeining som skal hjelpe til med sikring, restaurering, vedlikehald og drift av båten.

M/S Suldal, populært kalla Suldalsdampen, gjekk som rutebåt for passasjerar og gods på Suldalsvatnet. Bygd i 1885, var i drift til 1978. Sidan var ei venneforeining eigar av Suldalsdampen til museet overtok han i 2014. Museet arbeider med restaurering av båten. Her kan du lesa meir om det.

M/S Suldal er 20,8 meter lang og 4,33 meter brei.

VENNEGJENGEN PÅ KVITSØY

Vennegjengen på Kvitsøy er ei nokså uformell gruppe av interesserte folk som har deltatt i arbeidet med å få etablert Kvitsøy Hummermuseum. Første delen av hummarmuseet var ferdig i 2006, sidan følgde nye avdelingar i 2007 og 2009. Det blei eit godt museum og det oppsto eit godt samarbeid mellom Ryfylkemuseet og vennegjengen. Medlemmar i vennegjengen stilte og opp for å ta seg av drifta av museet.

I mai 2011 oppsto det brann i hummarmuseet og store delar av bygningen og det meste av utstillingane blei øydelagde eller skadde. Museet vart bygd opp igjen og opna i 2013. Venneforeininga var aktiv med i oppbygginga til dømes ved å skaffe nye gjenstandar til utstillingane.

Det er ikkje noe formelt medlemsskap i vennegjengen på Kvitsøy.

Bli Medlem